top of page
Search


Veke 21⛳🏌️♂️🏌️♀️
Då var nok ei aktiv og innhaldsrik veke over, og me har igjen sett både nye rekordar og nådd nye milepelar Måndagen satte standarden for resten av veka då årets aller første Hole in One gjekk av stabelen Kato Vangen gjorde kunststykket på hol 2 og kunne jubla for sesongens første HIO! På tysdag vart det kåra fire "nye" T-serie-vinnarar, og igjen stilte heile 48 spelarar til start🏌️♂️🏌️♀️ Resultat:🏆 ⛳ E-klassen: Simon Aas – Par (2. seier på rad!) ⛳A-klassen: Sindre Lone –
May 26


For ein fredag, igjen!❤
I dag fekk me endå ei fantastisk gladmelding, denne gong frå Sparebanken Norge, som kjem med ein gåvesjekk på heile 250 000 kroner til det nye treningsfeltet vårt!⛳ Me er utruleg takknemelige for støtta og for at Sparebanken Norge gong på gong viser at dei verkeleg bryr seg om lokalmiljøet , slike bidrag betyr enormt mykje! Dette løftar prosjektet vårt endå eit stort steg vidare, og me gledar oss til å skapa eit område som både små og store kan ha glede av i mange år framover
May 22


Presidentens Pokal- Eit slag mot kreft🎗
Årets kanskje mest meiningsfylte turnering står for tur denne helga 🎗 Heile inntekta frå turneringa går til Kreftforeningen , og også i år har me valgt å støtte kreftforsking. Kreft er dessverre noko dei aller fleste av oss kjem borti på ein eller annan måte før eller sidan. Då er me heldige som lever i ei tid og eit land der forskninga har kome langt, og der nye gjennombrot gir håp❤♥ Turneringa er enkel å delta i: 🏌️♂️Du spelar når du ønskjer i løpet av helga 🏌️♀️Du
May 20


Aktivitetar Veke 20
Veke 20 har bestått av både turneringar, medlemstreningar, kurs og mykje aktivitet på anlegget Veret har vore litt vekslande, men aktiviteten har vore bra! Me har også fått sådd rundt det nye treningsområdet, så no håpar me berre på litt varmare temperaturar framover I løpet av veka har me også hatt eit VTG-kurs for ei bedrift, i tillegg til fleire juniortreningar med stor aktivitet og mykje liv på anlegget Måndag starta veka med seniortrening saman med Lucas. Det vart ein ve
May 18


TAKK!💚
I dag kom det ei skikkeleg gladmelding til oss frå Sparebankstiftelsen SR-Bank Me har fått tildelt heile 200 000 kroner til det nye treningsområdet vårt! Dette betyr enormt mykje for klubben, og no blir det verkeleg fart på sakene vidare Både små og store, nye og erfarne vil få stor glede av dette området i mange år framover. Tusen, tusen takk til Sparebankstiftelsen SR-Bank for støtta og tru på prosjektet vårt!
May 10


For ei veke, full rulle frå start til slutt!!
Også denne veka har me hatt skyhøg aktivitet i klubben. 1 mai trur eg me hadde rekord i antal booka starttider på ein dag, over 200 rundar er ikkje noko eg kan huske å ha sett før Og i dag, søndag var me oppe i 185 booka rundar! I tillegg har me hatt fleire treningar denne veka, og juniortreningane blomstrar verkeleg Det er utruleg kjekt å sjå både mange nye og erfarne juniorar som deltek og utviklar seg Først må eg få gratulera min eigen Emre Henriksen med seier i brutto kla
May 6


Verifisering av medlemskap i Stord Golfklubb hos Norges Idrettsforbund
Norges Idrettsforbund (NIF) har innført nye krav til medlemsregistrering i norsk idrett. Kravene følger av NIFs Forskrift om idrettens medlems- og organisasjonsregister. Her får du mer informasjon om hvordan du skal verifisere medlemskapet ditt og hvorfor det må gjøres. Hva betyr dette for meg som medlem i Stord Golfklubb? Du må verifisere medlemskapet ditt. Når GolfBox overfører medlemsdata til NIF, vil du motta du en e‑post fra Noreply@idrettsforbundet.no med en lenke fo
Apr 9


Turneringar 2026
Terminlista for turneringar 2026 er no publisert! I år kjem det fleire spennande nyheiter, mellom anna innfører me fast torsdagsscramble om lag to gongar i månaden. Desse turneringane blir spela med shotgunstart på ettermiddagen og er eit sosialt og kjekt tilbod for spelarar på alle nivå. T-serien får også ein ny klasse: Elite utan handicap, for dei som ønskjer å konkurrere på høgare nivå. Samstundes går me tilbake til den “gamle” Order of Merit-modellen, der me fjernar poen
Mar 17


Årsmøteprotokoll
Vedlagt finn de årsmøteprotokollen frå årsmøtet 19. februar. Takk til alle som møtte, engasjementet og dei gode innspela betyr mykje for utviklinga av klubben. Eit av dei viktigaste vedtaka i årsmøtet var godkjenninga av planane om å byggje nytt treningsfelt med ei heilt ny chippegreen. Dette blir ei stor, men svært viktig investering for klubben, og me er verkeleg glade for at medlemmane støttar prosjektet. Arbeidet vil etter planen starte så snart som mogleg, og målet er at
Feb 27


Årsmelding og årsmøte
Minnar om årsmøte torsdag 19.02.2026 kl. 19.00 i lokala til Stord Golfpark (tidlegare minigolfen). Vedlagt finn de saksliste og årsmelding for 2025. Øvrige dokument ligg tilgjengeleg i fysisk format i proshop/klubbhuset. Ta turen på årsmøtet og ver med å påverke utviklinga av klubben vår 💚
Feb 12


Stord Golfklubb er tildelt “Godt Tilgjenge 2025”! ❤️
Me er ufatteleg stolte og takknemlege! Rett før jul fekk me den gledelige beskjeden frå Råd for menneske med nedsett funksjonsevne i Stord kommune om at Stord Golfklubb er tildelt prisen "Godt Tilgjenge 2025". I grunngjevinga står det at me får prisen for: Våre gratis medlemstreningar for born og unge, eit ope og inkluderande tilbod for alle som vil vera med. Og samarbeidet med Ett slag av gangen , som at me tek imot brukarar frå Hamna og andre som slit , med golf som mestri
Jan 27


Årsmøte
Årsmøtet i Stord Golfklubb vert halde torsdag 19. februar kl. 19.00 i selskapslokalet på Stord Golfpark. Saker som ønskjast tekne opp på årsmøtet må sendast til post@stordgolf.no seinast 5. februar. Innkalling finn du her:
Jan 15


2025 oppsummert på 3 min⛳️🤩🏌
Her er nokre kjekke tal og gøye fakta frå sesongen: ⛳️ 25 000 spelte rundar, ein auke på heile 7 400 frå 2024!! 👥 236 nye medlemmar, og oppe i 750 medlemmar på det meste 🙌 🏌♀️🏌♂️ 9 smekkfulle VTG-kurs 🌱 Bana og greenane har vore i nydeleg stand heile sesongen 🏆 38 lokale turneringar arrangert 👕 Herrelag i Lag-NM 🏌♀️ 25 juniorar deltok på ulike Olyo Junior Tourar 🎉 Me arrangerte Olyo Junior Tour med heile 77 juniorar frå Vestlandet 🇳🇴 2 juniorar med på Team Norwa
Jan 13


Ei stor takk til Sparebanken Norge❤
26 Noveber var me på gåveutdeling i regi av Sparebanken norge. Der fekk me utdelt støtte til sikringsnett på bana, eit viktig tiltak for tryggleik og vidare utvikling av anlegget vårt. Dette kjem i tillegg til tre tidlegare tildelingar frå banken i år, som: Støtte til lågterskeltilbod, juniorstøtte, turneringar og ikkje minst gratis sommarskulen for born Slike bidrag løftar oss, gir oss moglegheit til å satse meir, inkludere fleire og byggje eit tryggare og betre golfmiljø, S
Dec 4, 2025


Me har fått støtte frå Gjensidige-stiftelsen!🧡
Tidlegare i år søkte me om midlar til juniorarbeidet vårt, og i dag, på ein elles så grå mandag, dukka dei plutseleg opp med ein STOR sjekk til oss! Heile 98100 kroner!!!! Støtta skal gå til vidareføring av gratis juniortreningar på søndagar, gratis rangeballar for deltakarane, innkjøp av utstyr og utdanning av trenarar. No gler me oss endå meir til sesongen startar opp igjen, dette blir heilt KNALL! Tusen hjertelig takk!!!🧡
Nov 19, 2025


Nyhet! Golflinje på Stord Folkehøgskule, i samarbeid med Stord Golfklubb
Dette er skikkeleg stort for oss!! Frå hausten 2026 får Stord Folkehøgskule si eiga golflinje på skulen, der elevane får trene, spele og utvikle seg hos oss på Stord Golfklubb gjennom heile året Dette er eit fantastisk tilbod for ungdom som vil bruke eit år på å bli betre i golf, oppleve nye plassar, og vere del av eit sosialt og inkluderande miljø! Me håpar alle medlemmer vil hjelpe oss å spreie ordet til aktuelle ungdomar. Eller kanskje det er noko for deg? Les meir om ell
Nov 11, 2025


Klubbmeisterskap 2025
For ei helg me har hatt på Stord Golfklubb! Klubbmeisterskapet 2025 vart ein skikkeleg folkefest, med strålande sol, perfekte...
Aug 28, 2025


Vennskapsturnering- Ett Slag av gangen
I dag har me hatt regional vennskapsturnering fo r Ett slag av gangen på Stord GK ❤⛳❤ Me fekk besøk frå fleire klubbar i regionen –...
Aug 13, 2025


Ny satsingsgruppe i Stord Golfklubb!
Stord GK har allereie ei junior elite-gruppe, og no utvidar me satsinga med eit nytt tilbod for dei litt eldre spelarane som ønskjer å...
Aug 8, 2025


Dugnad!
Onsdag 6.au gust hadde me dugnad på bana, og for ein ettermiddag det vart! Me trur nesten det må vere deltakarrekord eg klarte ikkje å...
Aug 8, 2025
bottom of page
