Eit lite, men stort, takk til alle medlemmane våre!
- 6 hours ago
- 2 min read
Det er mykje snakk om dei nye golfarane om dagen. Om alle dei unge som har oppdaga golfen, og om vennegjengar som bruker golfbana både til aktivitet, rekreasjon og som ein sosial møteplass. Det er ei utvikling me synest er skikkeleg kjekk!
Samtidig høyrer me frå fleire og fleire klubbar rundt om i landet at den enorme veksten også byr på utfordringar. Treigt spel, dårleg oppførsel, mykje divots, nedslagsmerke som ikkje blir reparerte, bunkrar som ikkje blir raka og unødvendige skadar på bana.
Men hos oss? Her har me faktisk overraskande lite av dette! Og det synest me også fortener litt oppmerksomhet!
I fjor fekk me heile 225 nye medlemmar, og så langt i år har 188 nye kome til. Det er ei enorm utvikling på kort tid. Sjølvsagt hender det at nokon gløymer å legge tilbake ei torv, reparere eit nedslagsmerke eller rake etter seg i bunkeren, ja det skjer. Men med så mange nye spelarar er det imponerande lite skadar og problem på bana vår.
Og det skal de alle ha ei stor takk for!
Det er resultatet av ein felles innsats. Frå alle dei frivillige som legg ned utallige timar i grundige VTG-kurs og fadderrundar, og som rettleier nye spelarar i korleis me ønskjer å ha det på bana vår.
Og ikkje minst: Takk til alle dykk som behandlar bana vår med respekt!
Banemannskapet vårt legg ned mangfoldige timar, frå tidleg morgon til seine kveldar, for å gi oss ei bane som er så flott som mogleg kvar einaste dag. Den beste måten me kan takke dei på, er å ta vare på arbeidet dei gjer: legge tilbake torva, reparere nedslagsmerket, rake bunkeren og etterlate bana minst like fin til dei som kjem etter oss.
At me kan vekse så mykje og samtidig ta godt vare på bana vår, er noko me skal vere stolte av.
Så rett og slett: TUSEN, TUSEN TAKK til alle saman nye og gamle!








Comments