top of page
Search

❤ 100 000 KRONER FRÅ SPAREBANKEN NORGE!

7h
1 min read

Endå ei fantastisk gladnyheit for Stord Golfklubb!  Me har fått 100 000 kroner frå Sparebanken Norge til prosjektet "Meir tid på rangen"!💚🧡

Prosjektet handlar om å frigjere tid og ressursar i den daglege drifta, slik at me kan bruke endå meir tid på aktivitet og golfglede for barn og unge. 🧡💚

Sparebanken Norge har vore ein trufast og viktig støttespelar for klubben gjennom mange år. Dei har bidratt til å utvikle både anlegget og aktivitetstilbodet vårt, og har vore ein viktig del av historia fram til der me er i dag. Det er me utruleg takknemlege for!

Ved overrekkinga fekk me besøk av Gudny Eldøy og Lars Peder Langeland frå Sparebanken Norge, begge ivrige golfarar!

Frå klubben stilte styreleiar Dag Halvorsen, styremedlem Martha Brandvik og Jonas Meyer (85 år), som var med på å starte klubben i si tid. Eit fint møte mellom historia vår og framtida!

Tusen hjartleg takk igjen Sparebanken Norge, for at de heiar på det lokale engasjementet og er med på å utvikle lokalsamfunnet til ein endå bedre plass å bu, vekse opp og å vere aktiv!!!💚


 
 
 

Comments


bottom of page