KLUBBMEISTERSKAPET 2026! ⛳🏆
- 13 minutes ago
- 3 min read
Etter to intense dagar med 18 hol både laurdag og søndag, kunne me kåre årets klubbmeistrar! I tillegg til dame- og herreklassen hadde me eigne klassar for senior, eldre senior, junior og Stableford.
Heile 48 spelarar stilte til start, og imponerande 46 fullførte begge dagane! Alle klassane vart spelte over 2 x 18 hol, og spelarane deltok automatisk i dei klassane dei kvalifiserte til ut frå alder og utslagsstad.
Vêret og forholda kunne me knapt vore meir heldige med. Litt regn laurdag morgon gav seg etter nokre hol, før sola etter kvart dukka opp. Bana var i nydeleg stand, ikkje for blaut, ikkje for hard og nesten ikkje vind. Perfekte forhold for klubbmeisterskap!
🏆KLUBBMEISTER HERRE – SINDRE TROVÅG
I herreklassen var det fjorårets vinnar Sindre Trovåg som igjen kunne løfte pokalen! Sindre spelte bunnsolid frå første stund og heldt stø kurs gjennom heile meisterskapet. Til slutt vann han med 5 slag, og enda på imponerande +2 totalt etter 36 hol!
Rolig og samla leverte han varene, imponerande!
Sindre har no gått to veker på Wang Toppidrett, og framover er det Sola GK som får æra av å ha han i stallen. Me gledar oss over alt du får til, og kjem sjølvsagt til å følge med vidare! Det blir veldig spennande å sjå utviklinga framover
Sindre tok også seiereren i juniorklassen, der totalt fire spelarar deltok.
Torben Carlsen spelte også kjempegod golf gjennom heile helga og enda på +7. Han hadde all grunn til å vere fornøgd med eigen prestasjon! Det vart spenning om andreplassen heilt til siste hol, med Øyvind Fykse Lie berre eitt slag bak. Han tok ein flott tredjeplass på +8.
🏆KLUBBMEISTER DAME – VIVIAN TISTHAMAR
I dameklassen vart det dramatikk heilt til siste slutt!
Etter 36 hol stod Hanna Sture og Vivian Tisthamar heilt likt, og dermed måtte damene ut i omspel på hol 18.
Her heldt Vivian hovudet kaldt og sikra sigeren med eit ett slag på omspelsholet! Dermed kunne ho løfte pokalen og titulere seg som Klubbmeister dame 2026!
Gratulerer, Vivian!
2 plass- Hanna Sture🥇
3 plass -Vibeke Alvsvåg🥇
🏆SENIOR HERRE – BJØRN ELDØY
Seniorklassen var for herrar frå 50 år og oppover, med utslag frå gul tee. Også her vart det kniving heilt til siste hol!
Der sette Bjørn Eldøy inn støtet med ein flott birdie og sikra seieren, tre slag føre dei neste.
2 plass - Frode Helland🥇
3 plass - Jan Aas🥇
🏆ELDRE SENIOR – GUNNAR GROV
Eldre senior var eigen klasse for spelarar over 65 år, med moglegheit for utslag frå raud tee.
Her var det Gunnar Grov som tok sigeren, fem slag føre Kåre Løkhammer.
2 plass - Kåre Løkhammer🥇
3 plass - Einar Bjelland🥇
🏆STABLEFORD – ISAK GROV
Den siste klassen var Stableford, der alle deltakarane automatisk var med – og dermed hadde alle ein god sjanse til å kjempe om toppen!
Her var det ekstra kjekt å sjå mange ungdommar heilt i toppen. Det lovar veldig godt for framtidige klubbmeisterskap!
Og jamnare kunne det nesten ikkje blitt:
Isak Grov – 80 poeng 🏆
Hanna Sture – 79 poeng🥇
Ervin Skorpen Wilhelmsen – 78 poeng🥇
Hanna reiser dermed heim med to andreplassar frå same meisterskap, sterkt levert!
CLOSEST TO PIN⛳
Begge dagane hadde me også Closest to Pin.
Laurdag på hol 2 var det Lars Peder Langeland som kom nærast, berre 87 cm frå pinnen!
Søndag på hol 6 var det Vidar Valdersnes som tok seieren med 1,69 meter frå pinnen.
Då dei siste spelarane kom i mål søndag, kunne me samlast rundt Asbjørn sine deilige lappekaker, medan vinnarane kom inn på løpande bånd og premiane vart delte ut.
Tusen takk, Asbjørn! Det var både veldig godt og utruleg hyggeleg🥞
Og ikkje minst: Tusen takk til alle 48 som stilte opp og gjorde dette til ei skikkeleg kjekk klubbmeisterskapshelg! Det vart to dagar med mykje god golf, spenning, godt humør og mange flotte prestasjonar.
Gratulerer så mykje til alle dei ferske klubbmeistrane og alle som tok pallplass!
Me gledar oss allereie til neste år!🏆





Comments