Resultat frå medlemsundersøkinga ⛳
Hei alle saman! 😊
Først og fremst vil me takke alle dei 165 medlemmane som tok seg tid til å svare på medlemsundersøkinga vår! Resultata er svært positive og viser at medlemmane stort sett er godt nøgde med klubben. Me skårar faktisk betre enn gjennomsnittet for andre golfklubbar på nesten alle hovudområda!
👏 Nokre høgdepunkt frå undersøkinga: Me får ein NPS-skår på 56, heile 14 poeng over gjennomsnittet. Medlemmane gir høg skår på lojalitet (89) og verdi for pengane (84). Leiing og informasjon, det sosiale miljøet og proshop får svært gode tilbakemeldingar.
Mange trekkjer fram den positive utviklinga på bana, det gode klubbmiljøet og satsinga på juniorar.
Kva kan me bli betre på?
Sjølv om resultata er gode, er det også nokre område med rom for forbetring. Spesielt tee-stadene får ein del merknader. Dette er noko me er godt klar over, og arbeidet med utbetringar er allereie i gang!
På drivingrangen er det fleire som saknar betre siktemiddel og mål å slå mot. Dette ønskjer me å gjere noko med ganske raskt, og her tek me gjerne imot konkrete forslag og gode idear frå medlemmane!
Fleire peikar også på utfordringar med speleflyt, kapasitet og tilgang på starttider. Tilbodet innan mat og drikke får også ein del tilbakemeldingar. Her har me nokre avgrensingar i kva me kan tilby i dag, men me tek med oss innspela og ser på kva som kan vere mogleg å forbetre framover.
Sjølv om me er svært nøgde med resultata, er det alltid rom for å bli betre! Styret vil bruke tilbakemeldingane aktivt i arbeidet med den vidare utviklinga av klubben, både for å ta vare på det som fungerer godt, og for å prioritere område der me kan gjere forbetringar.
Målet er å stadig utvikle Stord Golfklubb til det beste for medlemmane våre. ⛳
Det er veldig kjekt å sjå at så mange trivst hos oss, men minst like viktig er det å få vite kva me kan gjere betre.
Tusen takk for alle svar, både ris og ros! Me set stor pris på engasjementet, og de skal vite at innspela blir tekne på alvor. ⛳





Comments