top of page
Search

For ei juniorhelg! ⛳️🌧️🏆

  • 16 hours ago
  • 3 min read

Denne helga har det vore full fart på juniorane våre, med OLYO Junior Tour både i Haugesund og her heime på Stord. Det vart ei helg med flotte prestasjonar og eit vêr me seint kjem til å gløyme!

Først ut var Haugesund GK på laurdag, der me hadde 7 juniorar frå Stord Golfklubb på startstreken.

I gutar 13–15 år stilte 11 år gamle Emre Henriksen for andre gong i ein klasse opp. Det betyr 18 hol og konkurranse mot spelarar som er opptil fire år eldre. Emre fekk ein skikkeleg tøff start på hol 2, men klarte å snu det rundt og spelte fantastisk golf resten av runden. Det enda med ein svært imponerande 3. plass brutto, altså utan hcp! Det står det respekt av!


Lars Hårde leverte også ein flott runde i Mix-9 hol klassen. Han spelte eitt slag betre enn handicap og enda på ein fin 4. plass!


Sindre Trovåg hadde ikkje heilt dagen i Haugesund og enda på 13. plass i gutar 16–19. Men heldigvis skulle det vise seg at han hadde spart storspelet til dagen etter…


Så var det vår tur, Junior Tour på Stord!

Og me kan vel trygt slå fast: Hadde me fått omtrent kva som helst anna dato, hadde me truleg fått betre vêr!😅

For snakk om uflaks!!

Det regna i bøtter og spann frå tidleg morgon og gjennom heile dagen. Det var varsla enorme nedbørsmengder og vind.💦

Me vurderte sjølvsagt om turneringa kunne flyttast, men terminlista er stappfull og det finst så godt som ingen ledige helger. Samtidig var både spelarar og støtteapparat innstilte på å prøve å gjennomføre.

I utgangspunktet hadde me over 90 påmelde juniorar! Då prognosane vart stadig verre, gav me beskjed om at det kunne bli nødvendig å avbryte turneringa undervegs, og at det var heilt forståeleg dersom nokon ønskte å melde seg av.

Likevel stod me att med heile 74 påmelde denne dagen!

Det tek me som eit stort kompliment. Dei me snakka med hadde gledd seg til å komme til Stord og spele. Det skal me vere stolte av!💚


Og turnering vart det!⛳🏌️‍♂️🏌️‍♀️

Då dei første spelarane hadde fullført ni hol, tok dommarane avgjerda om at 18-holsklassane måtte kortast ned til ni hol. Forholda vart stadig tøffare, og faren for at dei siste ni hola ikkje kunne gjennomførast var for stor.

Nokre vart skuffa. Nokre vart nok litt letta.

Alle var våte. Veldig våte.😅

Men svært få hang med geipen! Juniorane smilte, lo og gjorde det beste ut av heilt ekstreme speleforhold. Det var utruleg kjekt å sjå.

Og med ekstreme forhold der ballen omtrent verken fekk sprett eller rull, vart det levert nokre fantastiske resultat!


Sindre Trovåg slo skikkeleg tilbake etter ein tyngre dag i Haugesund. Han spelte på fantastiske -1 brutto og vann gutar 16–19 år, både brutto og netto!

Det er rett og slett ekstremt imponerande golf under slike forhold. Gratulerer, Sindre!

Og denne seieren var litt ekstra spesiell. Dette var nemleg Sindre si siste turnering på heimebane før han denne veka flyttar til Sola for å starte på Wang Toppidrett, med golf som ein del av satsinga.

Me gler oss enormt på dine vegner, Sindre, og til å følge deg vidare! Du flyttar kanskje frå Stord, men for oss kjem du alltid til å vere "vår" Sindre💚

Og Sindre var ikkje den einaste som leverte imponerande golf.

Jacob Østensen enda på +5, noko som heldt til ein flott 6. plass Sikkeleg solid levert, Jacob!👍⛳

I 13–15-årsklassen hadde me denne gongen ingen Stord-spelarar, då Emre valde å stille i Mix 18 hol. Der vart det ein litt tøffare dag på heimebane.


Men i Mix 9 hol vart det til gjengjeld full Stord-dominans!

Lowe Henriksen spelte rett og slett magisk golf i dei krevande forholda og leverte fantastiske 32 slag netto, og 1. plass!

På 2. plass kom Lars Hårde på par, og Robin Skimmeland sikra 3. plassen på +4.

REIN STORD-PALL!🙌

I denne klassen hadde me heile 12 juniorar frå Stord som trassa regnet og fullførte! I tillegg hadde me med tre av dei aller minste i Mix 6–8 år, skikkeleg tøffe små golfarar som ikkje lot "litt" regn stoppe dei!

Totalt gjennomførte 70 juniorar årets turnering på Stord, og heile 22 av dei var frå vår eigen klubb!

Takket vere ein heilt fantastisk dugnadsgjeng rigga me til ein pop-up-kafé i selskapslokalet

Her kunne foreldre og ferdigspelte, søkkvåte juniorar komme inn, få varmen i seg, ete pølser og kake og berre henge saman medan dei venta på premieutdeling.

Eit slikt arrangement lagar seg definitivt ikkje sjølv.

TUSEN, TUSEN TAKK til alle forecaddies, banestartarar, scoremottakarar, kaféarbeidarar, kakebakarar og alle andre som stilte opp og hjelpte til!

DE ER KNALL!💚💚💚

For ei helg. For nokre juniorar. Og for ein dugnadsgjeng!


Og spelerane våre får ikkje mykje tid til å tørke golfkleda før neste eventyr ventar!

Allereie no til helga reiser me vidare til Stavanger, og denne gongen tek me med oss heile 17 juniorar!!


 
 
 

Comments


bottom of page