top of page

Stord Juniorgolf

Juniortreningar i Stord Golfklubb – finn gruppa som passar for deg!

Golf for alle

Søndagar kl.11.00-12.00,  0-14 år

Eit lågterskeltilbod for alle barn som har lyst til å prøve golf! Her er det leik, meistring og golfglede i fokus. Ope for alle, uansett erfaring eller medlemskap.

Junior Birdie

Onsdagar kl.17.00-18.00,   7-10 år

For yngre juniorar som er medlem i klubben. Me øver på grunnleggjande golfteknikk gjennom varierte og kjekke aktivitetar, med fokus på meistring, utvikling og samhald

Junior Eagle

Onsdagar kl.18.00-19.00,   11-19 år

For eldre juniorar som ønskjer å utvikle golfspillet sitt vidare. Treninga har fokus på teknikk, ferdigheiter og spel, med utfordringar tilpassa den enkelte. For medlemmar i klubben.

Ikkje medlem enno? 

Har du lyst til å bli med på juniortreningane våre? Les meir om medlemskap og korleis du blir medlem i Stord Golfklubb HER.

​

Treningssesong

Den ordinære treningssesongen går frå april til og med september. Me prøver likevel å halde treningane i gang både før og etter sesongen, så lenge vêret og forholda tillet det.

bottom of page