top of page
Golfpartnere
STORDLOGO_edited.jpg
Kan Golf vera noko for deg?
Bli med på kurs!
​

Stord Golfklubb er ein godkjent arrangør av Veien til Golf-kurs (VTG), og alle kurs blir gjennomført i tråd med retningslinjene til Norges Golfforbund. Nybegynnarkurset er no delt inn i tre delar for å gjere det meir fleksibelt, gi betre meistring og meir tid til banespel.

Del 1 – Teori (heime)

Teoridelen tek du når det passar deg, heime i eiga stue.

E-læringa finn du her: πŸ‘‡
https://idrettskurs.no/learning-path/66681968

Teorikurset er obligatorisk for alle nye golfspelarar og må vere gjennomført før du kan ta del 2 og banespel.

Del 2 – Praksis på Stord Golfklubb

Praksisdelen er eit instruktørleia kurs hos Stord Golfklubb og går over to dagar.
Her får du grunnleggjande teknikk, tryggleik, regler og etikette.

Del 3 – Banespel med instruktør eller fadder

Etter praksisen skal du gjennomføre totalt 18 hol på bane saman med instruktør eller fadder.
Du kan gå maks 9 hol per gong, og me anbefaler 3 x 6 hol for best læring og flyt.

Etter kurset

For å spele golf på bane treng du medlemskap i ein golfklubb.
Dette er eit krav frå Norges Golfforbund.

Me håpar sjølvsagt at du vil bli medlem hos oss i Stord Golfklubb, og tilbyr gode prisar både på kurs og første års medlemskap. Ta gjerne kontakt for meir informasjon.

Pris for kun kurs: 1500,-

​​

​

For påmelding bruk lenkene under, eventuelle spørsmål sendes på  mail til post@stordgolf.no eller ring 92202592 , Lena Hartvigsen

​

KURS 2026:

​​

Kursdatoar våren 2026

​

​

​

​

​​​

            EKSTRA KURS FOR ANSATTE AV SPONSORAR,

                                             9 OG 10 APRIL

                - PÅMELDING GJENNOM SPONSOR/BEDRIFT FULLT!

​​

Kursdatoar hausten 2026:

​

For dei som ønskjer det og tar kurset så seint i sesongen, er medlemskap med fritt spel på bana ut året inkludert i kursavgifta. Dette gir deg ein perfekt moglegheit til å komme skikkeleg i gang med golf med ein gong kurset er fullført.

​

  •   Kurs 5:  Fredag 21. august kl. 16.30- 18.30 og mandag 24. august kl.                16.00 – 20.00  πŸ‘‰   Meld deg på her!   FULLT!

​

  •   Kurs 6 Fredag 21. august kl. 16.30- 18.30 og torsdag 27. august kl.                16.00 – 20.00  πŸ‘‰   Meld deg på her!   FULLT!

​

​

  ​

​

Me ynskjer alle velkommen til eit hyggeleg kurs, og som medlem i Stord Golfklubb!

bottom of page