For ei veke, full rulle frå start til slutt!!
- 24 minutes ago
- 2 min read
Også denne veka har me hatt skyhøg aktivitet i klubben.
1 mai trur eg me hadde rekord i antal booka starttider på ein dag, over 200 rundar er
ikkje noko eg kan huske å ha sett før Og i dag, søndag var me oppe i 185 booka rundar!
I tillegg har me hatt fleire treningar denne veka, og juniortreningane blomstrar verkeleg Det er utruleg kjekt å sjå både mange nye og erfarne juniorar som deltek og utviklar seg
Først må eg få gratulera min eigen Emre Henriksen med seier i brutto klassen (gutar 13–15 år) på Randaberg! Det er rett og slett rått
Dette var første gong han spelte i denne klassen, og han er framdeles ikkje fylt 11 år! I denne klassen går spelarane heilt sjølv, utan caddie eller foreldre. Sjølv om eg er litt innhabil, så må eg berre seia at eg er skikkeleg imponert av den vesle guten vår. Emre gjekk på +8 slag!
Forholda på Randaberg var dessutan ganske tøffe, med sterk vind gjennom heile dagen og raske greenar
Imponerande innsats også frå dei andre som deltok:
Sindre Trovåg gjekk også +8, og Øyvind Alfredsen var eitt slag bak på +9 ,brutto. Dei enda på 13. og 15. plass.
Marius Levåg og Lars Hårde leverte flotte rundar i mix-klassen med +5 og +7 netto.
Louise og Aya Barfot hadde også ein fin dag på Randaberg
I T-serien denne veka hadde me heile 49 deltakarar og fire nye klassevinnarar
E-klassen: Øyvind Fykse Lie (+1)
A-klassen: Kåre Løkhammer (par)
B-klassen: Bjørn Lekven (24 poeng)
Dameklassen: Solveig Lie (24 poeng), som også tok Closest to pin!
plass: Torben Carlsen og Frode Helland 23p
plass: Terje Møll og Odd Mirko 22p
plass: Sindre og Kenneth Trovåg 21p
Elles har me som tidlegare nevnt , fått opp delar av sikkerheitsnettet ved hol 8, og det ser ut til å fungera veldig bra.
Samtidig skjer det mykje på det nye treningsområdet. Haaye og teamet hans frå Nederland har vore her laurdag og søndag og jobba med siste finish før topplaget skal på. Dei kjem tilbake rund 20. mai for siste touch, og no begynner me verkeleg å sjå kor fantastisk dette kjem til å bli!


































Comments