Stord Golfklubb er tildelt “Godt Tilgjenge 2025”! ❤️
- Lena Hartvigsen
- 2 days ago
- 1 min read
Me er ufatteleg stolte og takknemlege!
Rett før jul fekk me den gledelige beskjeden frå Råd for menneske med nedsett funksjonsevne i Stord kommune om at Stord Golfklubb er tildelt prisen "Godt Tilgjenge 2025".
I grunngjevinga står det at me får prisen for:
Våre gratis medlemstreningar for born og unge, eit ope og inkluderande tilbod for alle som vil vera med.
Og samarbeidet med Ett slag av gangen , som at me tek imot brukarar frå Hamna og andre som slit , med golf som mestringsarena og gjerne ein matbit etterpå
På laurdag vart prisen delt ut under Stord Musikklag sin nyttårskonsert i kulturhuset.
Johnny Bjørnsrud representerte Stord Golfklubb og tok imot prisen på scena. Johnny har i mange år vore vår aller viktigaste ressurs inn mot ESAG og inkluderingsarbeidet vårt , ein ekte ildsjel!
Denne prisen er i mykje Johnny si forteneste, men og takka vere ALLE våre fantastiske frivillige som kvar einaste veke stiller opp på treningar og aktivitetar. Det skapar eit miljø der ALLE er velkommen
Tusen takk til Stord kommune for at de legg merke til den gode innsatsen som blir gjort i klubben. Det betyr utruleg mykje og gir motivasjon til å fortsetje dette viktige arbeidet








Comments