Ei stor takk til Sparebanken Norge❤
- Lena Hartvigsen
- Dec 4, 2025
- 1 min read
26 Noveber var me på gåveutdeling i regi av Sparebanken norge. Der fekk me utdelt støtte til sikringsnett på bana, eit viktig tiltak for tryggleik og vidare utvikling av anlegget vårt.
Dette kjem i tillegg til tre tidlegare tildelingar frå banken i år, som:
Støtte til lågterskeltilbod, juniorstøtte, turneringar og ikkje minst gratis sommarskulen for born
Slike bidrag løftar oss, gir oss moglegheit til å satse meir, inkludere fleire og byggje eit tryggare og betre golfmiljø,
Sjølv om Sparebanken Norge det siste året har vakse seg stor og dekker store delar av landet, er dei framleis ein ekte lokalbank i hjartet. Dei ser verdien av sterke nærmiljø, frivilligheit, idrett og fellesskap, og me merkar det kvar gong dei står bak oss.
Tusen takk, Sparebanken Norge – for at de vil være med å utvikle Stord Golfklubb og for at de gir så mykje tilbake til lokalsamfunna de er ein del av.❤
Me set utruleg stor pris på dykk!




Comments