top of page
Search

Aktivitetar Veke 20

  • 2 days ago
  • 2 min read

Veke 20 har bestått av både turneringar, medlemstreningar, kurs og mykje aktivitet på anlegget

Veret har vore litt vekslande, men aktiviteten har vore bra! Me har også fått sådd rundt det nye treningsområdet, så no håpar me berre på litt varmare temperaturar framover

I løpet av veka har me også hatt eit VTG-kurs for ei bedrift, i tillegg til fleire juniortreningar med stor aktivitet og mykje liv på anlegget

Måndag starta veka med seniortrening saman med Lucas. Det vart ein veldig god økt, og me trur mange fekk godt utbytte av treninga

Tysdag var det klart for 5. runde i T-serien, og heile 41 spelarar stilte til start! Resultata vart slik:


E-klassen

1.plass: Simon Aas +1 slag

Delt 2. plass: Jacob Østensen og Torben Carlsen +4 slag


A-klassen

1 plass: Sindre Lone –2 slag

2.plass: Gunnar Grov +2 slag

3.plass: Even Flotve +2 slag


B-klassen

1.plass: Preben Gangås med imponerande 24 poeng

2.plass: Even Hartvigsen 17 poeng

3.plass: Bjørn Lekven 17 poeng


Dameklassen

1.plass: Hanna Sture 19 poeng

2.plass: Solveig Lie 19 poeng

3.plass: Vibeke Alvsvåg 17 poeng

Closest to pin gjekk til Simon Aas med berre 2 meter til pinnen.

Allereie torsdag var det ny turnering på programmet – Torsdags Scramble nummer 3. Også her stilte 41 spelarar til fellesstart kl. 17.00, og nivået var skyhøgt!


Resultat:

1.plass: Martin Dahl Olsen og Rune Strandenes –6 slag

2.plass: Kenneth Trovåg og Eivind Lunde –5 slag

3.plass: Terje Møll og Odd Mirko –5 slag


Closest to pin, Jon Kristian Tisthamar


Fredag var me i gang igjen med Par Trippel Trøbbel-turneringa!

32 deltakarar stilte til start i eit sosialt og kjekt format med 3 hol Fourball, 3 hol Foursome og 3 hol Scramble.

Etter turneringa vart det pizza for dei som ønskte det, samt felles visning av PGA Championship på storskjerm i selskapslokalet

Etter litt mat og god stemning gjekk faktisk 16 spelarar ut på ein ekstra runde golf, og stemninga var kanskje hakket betre enn tidlegare på kvelden

Eit veldig vellukka arrangement!

Resultat:


1.plass: Martin Dahl Olsen og Kato Vangen –3 slag

2.plass: Mathias Kammonen og Eivind Økland -2 slag

3.plass: Jan og Simon Aas -1 slag


Closest to the ring: Kato Vangen

Closest to pin: Simon Aas


Laurdag hadde me også seks juniorar med på Olyo Junior Tour på Sola Golfklubb Forus

Henrik Bukkøy leverte ein flott 3. plass i gutar 16–19 år med +1 slag

Sindre Trovåg og Øyvind Alfredsen gjekk fantastiske front 9 på +2 og +1 slag, men fekk det litt tøffare på siste ni og enda på 23. og 24. plass.

Emre Henriksen spelte denne gang i Mix 18 hol, og Louise og Aya Barfoor deltok i 6–8 års klassen


Søndag var det 17. mai

Trass i vekslande ver var det fleire som tok seg ein runde på bana også denne dagen.

Me håpar alle hadde ei strålande feiring!


 
 
 

Comments


bottom of page