Turneringar 2026
- 10 minutes ago
- 1 min read
Terminlista for turneringar 2026 er no publisert!
I år kjem det fleire spennande nyheiter, mellom anna innfører me fast torsdagsscramble om lag to gongar i månaden. Desse turneringane blir spela med shotgunstart på ettermiddagen og er eit sosialt og kjekt tilbod for spelarar på alle nivå.
T-serien får også ein ny klasse: Elite utan handicap, for dei som ønskjer å konkurrere på høgare nivå. Samstundes går me tilbake til den “gamle” Order of Merit-modellen, der me fjernar poengsystemet og igjen baserer ranking på slag- og stablefordresultat.
Me har i tillegg sett opp fleire sosiale turneringar gjennom sesongen, med samling innandørs etterpå – blant anna med visning av Masters og U.S. Open, kombinert med mat og sosialt opplegg.
Lag-NM kvalifiseringsturneringa går ut. Spelarar til Lag-NM vil i staden bli tatt ut av sportsleg utval i samarbeid med trenarteamet, basert på resultat, nivå og utvikling gjennom sesongen.
Me gledar oss til ein aktiv og kjekk turneringssesong!
Turneringane blir lagt ut i Golfbox innan kort tid.





Comments