top of page
Search

Veke 21⛳🏌️‍♂️🏌️‍♀️

  • 12 minutes ago
  • 3 min read

Då var nok ei aktiv og innhaldsrik veke over, og me har igjen sett både nye rekordar og nådd nye milepelar

Måndagen satte standarden for resten av veka då årets aller første Hole in One gjekk av stabelen Kato Vangen gjorde kunststykket på hol 2 og kunne jubla for sesongens første HIO!

På tysdag vart det kåra fire "nye" T-serie-vinnarar, og igjen stilte heile 48 spelarar til start🏌️‍♂️🏌️‍♀️


Resultat:🏆

⛳ E-klassen: Simon Aas – Par (2. seier på rad!)

⛳A-klassen: Sindre Lone – -4 slag!!(2.seier på rad!)

⛳B-klassen: Trygve Barfot – 20 poeng

⛳Dameklassen: Hanna Sture – 19 poeng(2.seier på rad!)


🎯Closest to pin, Øyvind Fykse Lie 26 cm frå pinnen

Det har kome nokre spørsmål rundt vinnaren når nokon har same score. Det er spele HCP som avgjer først, ikkje vanleg handicap. Lavest spel hcp vinn. Men merk at to spelarar kan ha ulikt handicap og likevel få same spelehandicap, altså same antal tildelte slag på runden. Dersom dei då endar på same score, er det spelaren med høgast eksakt handicap som vinn. Litt forvirrande kanskje😊


Onsdag og torsdag var det igjen VTG-kurs, og også denne gongen var kursa heilt fulle  Mange av deltakarane har allereie meldt seg inn i klubben, og no har me nådd endå ein stor milepel:


 STORD GOLFKLUBB HAR NO PASSERT 800 MEDLEMMAR!🙌


Ein av dei nye medlemmane er Andreas Aas .Etter to dagar på VTG-kurs gjekk han sin første fadderrunde på fredag med Espen Oppheim. Men dagen stoppa ikkje der  Då Ben Ståle stod midt i arbeidet med sikkerheitsnettet ved hytta på hol 1, vart Andreas spurt om ei teneste. Med mindre enn 24 timar som medlem stod han plutseleg 20 meter oppe i lufta i lift og festa sikkerheitsnett på stolpane

Fantastisk med slike folk, og slike folk har me fleire av i klubben!💚

Tusen takk til Asbjørn Tverdal , Svein Hvidevoll, Gunnar Grov med barnebarn Sivert Dahlgren, Espen Oppheim Pedersen , Benny og fleire som har lagt ned mange dugnadstimar denne veka med stolpar og sikkerheitsnett rundt huset på haugen  Og ikkje minst takk til Stord Maskin for lån av maskin og arbeidet med å klargjere området rundt stolpane  

Samtidig har teamet frå Southwest Greens vore i full sving heile veka med det nye treningsområdet vårt  For kvar dag som går begynner me verkeleg å sjå kor bra dette kjem til å bli, og no nærmar det seg veldig eit ferdig produkt  Det blir rett og slett heilt fantastisk!👍

Så kom endå ein skikkeleg festdag for klubben  Sparebanken Norge  dukka opp med tidenes gåvesjekk til det nye treningsområdet vårt:

 HEILE 250 000 KRONER!❤

Det er berre ein ting å sei,


TUSEN TUSEN TAKK!💚


Søndag arrangerte me stjernejakt for rundt 20 ivrige juniorar  Som vanleg vart det delt ut mange stjerner i både sølv og gull 🤩 Etterpå vart det grilling av pølser  og me fekk også ei veldig hyggeleg omtale av juniorsatsinga vår frå Impact Supporter 


Og så har me Henrik Bukkøy då som etter ein fantastisk innsats heile helga, og med masse fantastisk godt spel, spelte han seg til ein flott 5 plass i NM junior Matchplay  Fantastisk prestasjon🏆


Laurdag, søndag og heilt fram til i dag har «Eit slag mot kreft» stått i fokus  I skrivande stund er det samla inn over 9000 kroner til Kreftforeningen🎗

Men me er ikkje ferdige endå!

Du treng ikkje spele golf for å støtte denne viktige saka

Vil du bidra?

Vipps til 621212 og velg kategori «Kreftforeningen»

Klarar me over 10 000 kroner også i år?🎗


 
 
 

Comments


bottom of page