Har du lyst til å bidra når me arrangerer Olyo Junior Tour?⛳
- 2 days ago
- 1 min read
Søndag 9. august får Stord Golfklubb besøk av juniorar frå heile regionen når me arrangerer Olyo JuniorTour!
Turneringa er for born og ungdom frå 6 til 19 år. Dei eldste spelar 18 hol, mellomste spelar 9 hol, og dei aller yngste spelar 6 hol.
For å gjennomføre turneringa på best mogleg måte treng me hjelp frå frivillige.
Me treng hjelp til:
🏌️♂️Starterar
🚩Forecaddies
🌭Kiosk og grilling
🏆Premiering
Turneringa går frå kl. 10.00 til om lag kl. 16.00, men du treng ikkje kunne vere med heile dagen. Sei gjerne ifrå kva tidspunkt som passar for deg, så set me opp vakter ut frå det. Nokre timar hjelp er betre enn ingen!
Me er heilt avhengige av frivillige for å kunne arrangere slike turneringar.
Har du lyst til å vere med? Send oss ei melding på post@stordgolf, eller ta kontakt med Lena.
På førehand tusen takk, BLI MED å lag ein fantastisk dag for juniorane!





Comments