For ein fredag, igjen!❤
- 10 hours ago
- 1 min read
I dag fekk me endå ei fantastisk gladmelding, denne gong frå Sparebanken Norge, som kjem med ein gåvesjekk på heile 250 000 kroner til det nye treningsfeltet vårt!⛳
Me er utruleg takknemelige for støtta og for at Sparebanken Norge gong på gong viser at dei verkeleg bryr seg om lokalmiljøet , slike bidrag betyr enormt mykje!
Dette løftar prosjektet vårt endå eit stort steg vidare, og me gledar oss til å skapa eit område som både små og store kan ha glede av i mange år framover.
Teamet frå Southwest Greens er no i gang med topplaget⛳
Tusen, tusen takk til Sparebanken Norge for støtta og tilliten nok ein gong💚





Comments