Presidentens Pokal- Eit slag mot kreft🎗
- 2 days ago
- 1 min read
Årets kanskje mest meiningsfylte turnering står for tur denne helga 🎗
Heile inntekta frå turneringa går til Kreftforeningen , og også i år har me valgt å støtte kreftforsking.
Kreft er dessverre noko dei aller fleste av oss kjem borti på ein eller annan måte før eller sidan. Då er me heldige som lever i ei tid og eit land der forskninga har kome langt, og der nye gjennombrot gir håp❤♥
Turneringa er enkel å delta i:
🏌️♂️Du spelar når du ønskjer i løpet av helga
🏌️♀️Du må ha med minst ein markør/medspelar
🏌️♂️Vel sjølv om du går 9 eller 18 hol
📄 Score leverast manuelt på scorekort
Dei som ikkje får levert score innan søndag kveld kan bli med på oppsamlingsrunde måndag frå kl. 10.00 og utover med intervallstart der me set saman flightar
Deltakaravgift er minimum 200 kroner, men me set stor pris på alle som ønskjer å bidra med meir😊
Vipps til 621212 og merk med “Kreftforeningen”, eller vel kategorien “Kreftforeningen” i Vipps. Me har laga ein eigen kategori for denne helga.
🏆Vinnaren av 18-holsrunden vinn vandrepokalen.
Det blir ingen andre premiar – alt går vidare til saka
I fjor samla me inn over 10.000 kroner Klarar me endå meir i år?
Du kan også støtte utan å spele turneringa
Alle som vippsar blir lagt til på startlista utan resultat
Me håpar så mange som mulig vil vere med på å støtte ei viktig sak♥





Comments