No til helga, lørdag og søndag 24.-25. august, skal klubbmeisteren for sesongen 2024 kårast. Dette er ei turnering som nesten bør vere obligatorisk for alle medlemmar å delta på. Det er ei eksklusiv hending for klubbens medlemmar og ei flott anledning til å gjere stas på klubben, våre golfspelarar, og ikkje minst kåre klubbens beste spelar på ein rettferdig måte.
Turneringa vert spelt i ulike klassar basert på alder og handicap. Spelarar med handicap over 18,5 kan velje å delta i C-klassen, der det vert spelt med hcp, slik som i ein vanleg selskapsrunde. Kan du ikkje få poeng på eit hol, plukkar du opp ballen. Aldersbestemte klassar spelar slagspel utan hcp, der du spelar til ballen er i koppen, uansett kor mange slag du brukar. Nytt av året er ein senior + klasse for aldersgruppa 65-99 år. Der går ein frå rødt utslag, det er valfritt for deltakarar over 65 å gå i senior eller senior +
På laurdag vert det spela 18 hol. Alle spelarane går vidare til søndagens runde, der det vert spela nye 18 hol i same speleform.
Turneringa vert gjennomført i tråd med Golfreglane, NGFs turneringsbestemmelsar og lokale reglar.
Startkontingent:
- Kr. 150,-
- Kr. 100,- for juniorar.
Merk: Ein kan delta i fleire klassar viss ein går frå same utslag. I så fall betalar ein dobbel startavgift.
Betaling skjer via Vipps #621212 før utslag på laurdag. Medlemmar utan spelarrett må betale greenfee på kr. 350 i tillegg.
Mange tenkjer kanskje at dette berre er ein turnering for dei beste spelarane i klubben, men det stemmer ikkje. Denne turneringa vert arrangert over heile landet på same datoar og er ei hyllest til alle golfspelarar i deira respektive heimklubbar. Det er ei samling mot slutten av sesongen for å spele golf saman og til slutt heidre dei spelarane som har gjort det best. Fjorårets klubbmeistrar, Øyvind Fykse Lie, Khanitha Hartvigsen, Arnold Karlsen, og Henrik Bukkøy, skal utfordrast. Vinnarane får heder og ære, ein vakker vase med gravering, og på toppen av det heile, ein eigen parkeringsplass!
I tillegg vert klubbmeister dame og herre invitert til å delta på ein "Mesternes mester"-turnering på Bogstad GK i september – ei moglegheit til å vise fram ferdigheitene sine på ein stor arena. 😊
Om du ikkje vert klubbmeister, kan du kanskje vinne ein "closest to pin"-premie – her vert det fleire moglegheiter.
Sjølv om vêrmeldingane for helga ikkje ser optimale ut, oppmodar me alle til å møte opp og delta. Litt dårleg vêr er ingen grunn til å gå glipp av årets mest spennande turnering.
Turneringskomiteen utfordrar derfor klubbens medlemmar til å bidra til eit rekordstort tal påmelde til årets klubbmeisterskap. 😊
Link til påmelding:
Kommentare