top of page
Search

Team Norway Future Camp

For første gongen i historia har Stord Golfklubb juniorar med på Team Norway Future Camp!😀 Og ikkje berre det, me har heile tre deltakarar med. Jackob Østensen, Henrik Bukkøy og Sindre Trovåg har alle klart å kvalifisere seg til å delta på Future Camp i år. Saman med trenarane Martin, Ben Ståle og Steinar skal dei delta på totalt 9 samlingar i løpet av 2024. Nokre av desse samlingane er digitale, medan andre er fysiske, både regionale og nasjonale.🏌️‍♂️🏌️‍♂️🏌️‍♂️

Future Camp er det første trinnet i NGF og Team Norway sitt utviklingsprogram for juniorar mellom 13 og 15 år. Som deltakarar er dei automatisk kvalifiserte til tre Srixon-tourar. Det er ein stor prestasjon for Stord Golfklubb å ha med heile tre utøvarar, og me kan vera kjempe stolte av dei! Og ikkje berre er dei dyktige golfspelarar, dei er også flotte gutar! Eg gler meg til å sjå korleis dei vil gjere seg merkbare i norsk golf, og eg er overbevist om at dei vil hevda seg på ein imponerande måte.


Den komande helga startar den første Junior Region Tour, som finn stad på Sola GK. Stord GK er stolte av å dele at me har heile 7 deltakarar med her! 😁Med så mange deltagara på denne turneringa, speilar dette klubbens innsats dei siste åra til å utvikle unge golfspelarar. Stord GK er blant dei beste klubbane i landet når det gjeld antall juniorar i forhald til vaksne. Og det skal me alle være skikkeleg stolte av!😃

bottom of page