top of page
Search

T-serie 11

T-serie 11 og siste før sommerferien kunne ikkje blitt mykje bedre vêr eller forhold. 63 Spelande er kjempe bra! Og i dag vart det dobbel seier til fam.Økland. Bare å innvitere til pizzafest i helga.

For i klasse A var det Svein Økland som herja i dag. Med -3 slag vart han nr.1 Og nr 2. Var det Bjørn Eldøy som nok ein gang leverte ein kjempe runde og spelte på -2. Og rett bak han med -1 slag kom Odd Mirko Majic.

I klasse B var det igjen veteranen Halvor Grov som får pizza med seg heim, med utrulige 21 poeng gjekk han akkurat forran Gunnar Junge som også fekk 21 poeng og vart nr 2. På 3 plass kom Morten Danmo med flotte 20 poeng.

I klasse C vart det også jevnt i toppen, men det vart Bjørn Lekven som igjen gikk til topps med 21 poeng, rett forran Peder Toft som fekk sin tredje 2 plass på sin tredje turnering.

Han fekk også 21 poeng. På 3 plass kom Karl Næs med 18 poeng.

Så var det Damene som hadde mange gode scorer i dag. Men i toppen var det søstrene Lie som briljerte. Og nr. 1 vart Kjellfrid Lie Økland som også får pizza med seg heim. Flotte 21 poeng I dag også. Solveig Lie vart nr. 2 med 19 poeng og Kari Sæbø vart i dag nr 3 med 17 poeng. Closest to pin på hol 2, gikk til Bjørn Eldøy med 2,3 meter. Dei neste vekene blir det framleis turneringar på tysdagar, med sommartour. Meld dåke på, først ut er Foursome. Då er 2 personar på lag og slår annakvart slag på ballen.



Recent Posts

See All

Årsmøte torsdag 20.02.2025

Minnar om årsmøte torsdag 20.02.2025 kl. 19.00, i Stord Golfpark sine lokaler( tidligere minigolfen) Sjå vedlegg med saksliste og...

Comments


bottom of page