I går gjekk endeleg Sparebanken Vest Open av stabelen, etter å ha blitt utsett i august på grunn av dårleg vêr og få påmelde. Denne gongen var vêret på vår side, og deltakarane var også mange fleire. På grunn av logistikk starta turneringa med shotgunstart kl. 15:00, og totalt 41 deltakarar stilte til start – nesten heilt fullt!
Det var fire klassar og to sjansar for closest to pin-konkurransar. Sparebanken Vest stilte med flotte premiar til alle klassar og for closest to pin, og premiane vart delt ut etter talet på deltakarar i kvar klasse.
Det vart mange imponerande resultat denne runden, med fleire som spelte utruleg god golf. Det var spenning i alle klassane, og ingenting var avgjort før den siste ballen var i koppen. Vêret var nydeleg, med berre litt regn som dei fleste syntest var forfriskande i varmen.
Her er resultata:
E-klassen : (scratch)
1.plass Øyvind Fykse Lie, +2 slag
Delt 2.plass Martin Dahl Olsen og Øystein Sørebø +4slag
A-klassen:
1.plass Kåre Løkhammer, -6 slag
2.plass Sondre Aas Selle , - 4 slag
3 plass Ketil Fykse, - 3 slag
B- klassen:
1.plass Simon Hatlevik, 40 poeng
2 plass Johnny Tang Christiansen, 36 poeng
3 plass Andre Olsen Aadland, 36 poeng
Dameklassen:
1.plass Vivian Tisthamar , 32 poeng
2.plass Khanitha Hartvigsen, 31 poeng
3.plass Mari Hatlevik , 25 poeng
Closest to pin hol 2, gikk til Sindre Bjørk og
Closest to pin hol 6, gikk til Stian Hatlevik
Tusen takk til Sparebanken Vest , og Sigurd Litlabø for me fekk anledning til å arrangere denne turneringa.
Og takk til alle som deltok og gratulerer til alle vinnerane
Comments