top of page
Search

Sommartour 🌞

Gjennom sommaren har T-serien blitt erstatta med sommartourar kvar tysdag. Me har hatt heile seks sommartourar i løpet av juli og så langt i august.  Kvar runde har vore lagspel med tomannslag, og me har hatt ulike speleformer. Sjølv om dei første turneringane hadde litt låg deltaking, auka oppslutninga utover sommaren, og i den siste turneringa var det fullt med 40 deltakarar!

Den aller første sommartouren gjekk av stabelen 2. juli med berre 16 deltakarar, kanskje på grunn av litt vått vêr. Speleforma var bestball, der begge spelar sin eigen ball heile runden, men berre den beste scoren tel. Den runden vart spela som Stableford, og vinnarane var Svein Økland og Gunnar Junge med 24 poeng. Rett bak dei, med 23 poeng, kom Even Flotve og Rune Vinsjevik, etterfølgt av Emil Lie Rykkje og Mathias Henriksen med 22 poeng.

Sommartour runde 2 fann stad 9. juli, denne gongen med berre 12 deltakarar. Speleforma var Greensome, ei blanding av scramble og foursome. Her stakk far og son Steven Haugaland og Benjamin Drønen Haugland av med sigeren med -1 slag, etterfølgt av far og son Ben Ståle og Emre Henriksen på par, og Trygve Barfor og Frode Helland på tredjeplass med +1 slag.

Den tredje sommartouren, den 16. juli, var ein scramble-turnering, og her auka deltakarantalet til heile 36 spelarar.  Frode Helland og Trygve Barfor gjekk ein formidabel runde med -6 slag, etterfølgt av Jan Aas og Eivind Fykse Lie med -5 slag. Tredjeplassen gjekk til Andreas Salomonsen og Nils Andreas Myhre med -4 slag.

Sommartour nummer 4 og 5 vart òg spelt som scramble, då dette er ei populær speleform. Begge desse rundane hadde 32 deltakarar. Runde 5 var spesielt spennande, med heile tre lag på toppen med -5 slag kvar!  Vinnarane vart avgjorde på handicap og bestod av far og son Ben Ståle og Emre Henriksen. Andreplassen gjekk til far og son Øystein og Emil Rykkje, medan tredjeplassen gjekk til mor og son Vibeke Alvsvåg og Henrik Bukkøy.

Runde 6, den siste i sommartouren, gjekk igjen i bestball-format, og her deltok heile 40 spelarar. Det vart ein runde med imponerande resultat! Førsteplassen gjekk til Emre Henriksen og onkel Jan Kennet Henriksen med heile -8 slag.  På andreplass kom Ketil Fykse og Solveig Lie, òg med -8 slag, etterfølgt av Rune Strandenes og Øystein Nygård med -7 slag.








Comentários


bottom of page