top of page
Search

Sommarskulen 2023

Då var årets sommarskule ferdig. Med litt søsken og ekstra hjelp var det tilsaman 24 ungar med iløpet av veka. Me har hatt flotte dage ute på treningsområdet og banen. Der mandagen blei ei for nokon, litt lang økt med minigolf.

Dei andre dagane var været på lag, og me har vore ute frå 10 til 2. Mange har vore så ivrige at dei var på plass ein halvtime før, og tilbake igjen med foreldre på kvelden for å spela meir 🤩


Nokon hadde aldri spelt golf før, andre hadde spelt i mange år. Dagane har vore varierte og ungane har fått vore med å bestemme og lage til opplegg sjølv. Me har hatt egne chippeløyper, 3 på rad med både putting og chipping, jungelgolf, tennisgolf, chippestafett, og såklart favoritten for mange, så mange ballar dei vil på driving rangen 😀


Høgdepunktet for mange var nok Stjernejakt på onsdagen, og nokon likte godt når det blei litt konkurranse med Texas Scramble på fredag. Me har hatt ei veldig kjekk gruppe med oss, der dei er flinke å heie på kvarandre, rose dei gode slaga, og komme med litt oppmuntrande ord når det ikkje går så bra.

Tusen takk til Lena Hartvigsen Amalie Eidet Sindre Skjelle Paulsen Tobias Johnstad som har vore med og gjort denne veka så bra, og Ottar Grødem (som ordna med grilling for oss på Fredagen) Legger med ein video som viser litt av alt me har gjort på denne veka.


Recent Posts

See All

Årsmøte Torsdag 15.02.2024, kl.19.00

Minnar om årsmøte i minigolfen på torsdag 15.02.2024 kl.19.00. Sjå vedlegg med saksliste og årsmelding for 2023. Resten av dokumenta ligg i fysisk format i proshop/klubbhus. Velkommen til møte, håpar

bottom of page