Search

Sommarskule 2022!

Det kribla godt i magen til både liten og stor då me på mandag møttes alle for første gang til golfskulen. Nokon hadde aldri tatt i ei golfkølle, nokon har spelt golf nesten heile livet. Nokon veldig unge og nokon litt større. Og det endte med å bli ein fantastisk opplevelse for alle! Sondre Aas Selle har hatt hovedansvaret for treningsopplegget. Saman med 3 dyktige og flotte ungdommar har han klart og gjort alle dagane spennende, lærerike og interessante for alle dei 16 barna!

Det har vert varierte dager , med masse kjekke øvelsar, leik og masse golfspel! Og ikkje minst har det vert så fint sosialt. Heile gjengen er blitt godt kjent og nye vennskap er blitt stifta. Dei flotte ungdomane har vert heilt uunnværlige og til stor hjelp. Veldig flinke å læra fra seg og leike med barna.

Siste dagen var det Stjernejakt , etterfulgt av grilling , is, boller og premieutdeling med bla. Diplom og medalje Og så vêret då! Me kunne jo ikkje vert meir heldige med det!! (det vart egentlig for varmt. Men det er ikkje lov å klage på)

Så no gleder eg meg te å sjå fleire av desse små på bana!