Search

Referat Tysnes Sparebank Open

Tusen takk til Tysnes Sparebank for ei vellykka turnering med flotte premier. 44 påmeldte og 3 klasser. Det vart premiering utifrå tal på deltakarar i kvar klasse.

Nydeleg solskinn, varmegradene kunne vore litt høgare i dag, men uansett tørt og flott golfvêr. Fleire med bra spel i dag og fleire som synes det vart ein tøff dag på banen. Men sånn er jo golfen!

I klasse -A var det premiering til og med 6 plass. Her var det Øyvind Fykse som var best i dag også. John Gundersen var veldig nære rett bak Øyvind med ein stang ut på siste Putten. 3-plass til Bjørn Eldøy som og hadde nokre puttar som kunne endra mykje. Torben Carlsen tok 4 plassen , 5-plass til Ole Erik Eriksen og 6-plass til Sondre Selle. Alle desse blir premierte med gåvekort , ballar og drikkeflaske frå Tysnes Sparebank.

B-klassen vart vunne av evig unge Halvor Grov som fortsette å imponere. 2-plass til Knut Onarheim frå Meland Golfklubb. 3-plass tok Robert Brandvik med blant anna 3 birdies. 4- plass til Trygve Barfot, sjølv om han spelte med lågare Hcp. en vanleg. I Dameklassen vant Solveig Lie med veldig godt spel. Alle desse får og gåvekort i Proshop, ballar og drikkeflaske!

Closes to pin vart tatt av Johnny Tang. Han vinn ballar og drikkeflaske.

Gratulera alle samen.