top of page
Search

Opningsturnering 2023!

Endeleg var det tid for årets første turnering! Og for ein start det vart!

Rekord påmelding med heile 60 påmeldte til start! Strålande sol heile dagen, vindstille og perfekte forhold til 18 - hols turnering.


Dei fleste ville gå formiddag, og for ikkje å tvinge nokon over til ettermiddag, satt me opp heile 13 fligter på Shotgun start på formiddagen Det var eigentleg 2 fligter for mykje. Og me var veldig uroleg for om dette var litt i overkant og at det skulke bli store kø dannelsar Men det gjekk over all forventning og faktisk kjappare en normalt Det fløyt godt frå start til slutt og dei fleste var inne rett over 4 timer. Call up ordninga som Benny informerte om på førehand var veldig suksessfull!


I Elite klassen med skratch slag var det 14 stk som kjempa om seieren, og det var lenge veldig jevnt mellom Arnold Karlsen og Øyvind Fykse Lie. Øyvind holdt flyten heile vegen i mål og kom inn på Par. Og vant over Arnold som vart nr. 2 med + 3 etter dei var det eit litt større gap til resten som var veldig jevne. Kato Vangen som vart nr 3 med +9. 1,2 og 3 plass blir premiert.


I A-klassen med nettoslag var det 16 påmeldte. Her var Sondre Aas Selle heilt suveren og vant med -5 slag. Fantastisk !! 2 plassen tok Eirik Matre med +1 slag og Johan Lim vart nr. 3 også med +1 slag 1,2 og 3 plass blir premiert.


I B- klassen var det heile 24 deltagere med og 3 juniorar . Dei gikk også med nettoslag. Thomas Folgerø Sætrevik hadde ein fantastisk sesong i fjor. Og forsett like bra i år. Med - 4 slag vant han klassen. Og på 2 plass kom Emil Lien Rykkje på berre 14 år, og han gikk på Par! Fantastisk bra ! Og rett bak han var det også ein Emil, Emil Kaspersen vart nr. 3 med +1 slag 1,2,3 og 4 plass blir premiert.


I Dameklassen var det 5 påmeldte. Her håpar me på fleire med etter kvart Khanitha Hartvigsen har heldt formen vedlike i Thailand i vinter, og vant suverent med - 4 slag Nr 2 vart Pornsriwan Onarheim med +2 slag og Marit Haukebø vart nr. 3 med +6 slag 1 plass blir premiert.


Ulf Ottesen tok Closest to pin med berre 50 cm frå pinnen.

Tusen takk til alle for ein fantastisk sesong start.














bottom of page