Search

Minneord Jan Eldøy

Updated: Oct 23


Onsdag 20. Oktober fekk me det triste bodskapet om at Jan Eldøy hadde tapt kampen mot kreftsjukdommen nær 75 år gamal. Våre tankar og medkjensle går til Berit, Karen og familien. Stord Golfklubb skyldar dei ei stor takk for at me fekk «låna» mange tusen timar av Jan si fritid.

Jan har vore ein markant og driftig person i Stord Golfklubb i mange år. Han kom inn i styret for klubben som nestleiar i 2007. Han haldt fram i styret for klubben som nestleiar og styremedlem til han overtok som leiar frå 2016. Han var leiar heilt til sjukdommen stoppa han i 2020.

Jan var ein sosial og omgjengeleg person som levde og anda for Stord Golfklubb. Ei eldskjel av skjeldan vare og eit typisk ja-menneske. Etter at han vart pensjonist nytta han store deler av fritida si med aktivitetar på golfbana. Han var svært oppteken av å skapa eit positivt miljø rundt golfaktiviteten. Han såg alle både unge og eldre. Han var alltid frampå med ros og brydde seg på ein spesiell måte. Han var med på å dra i gang den første sommarskulen i golf for barn på Stord.

Jan var oppteken av at Stord Golfklubb måtte ha eit godt samarbeid med dei andre golfklubbane i distriktet og delta på turneringar på Haugalandet og Sunnhordland. Gjennom dette knytte han mange kjennskap og gode venskap i golfklubbane rundt oss.

Me er mange som vil sakna Jan og det gode humøret hans rundt golfbana på Prestagarden.

Me lyser fred over Jan sitt minne. -Per Inge Sætrevik på vegne av Stord golfklubb