Medlemstrening, Golfjentene, turnering og Hytorc Junior Tour
- Lena Hartvigsen
- May 29, 2024
- 2 min read
Det har vore mykje klubbaktivitet i helga og tidlegare i veka. På torsdag var det medlemstrening, eit gratis tilbod til alle som ønskjer litt hjelp med sving eller teknikk. Den første treninga hadde fokus på nærspel. Nokre kjekke damer frå Fitjar deltok, og dei fekk verkeleg dreisen på chippinga si
På fredag samla golfjentene seg. 16 engasjerte jenter møtte opp, og det vart ei morosam jentegolf samling. Me hadde ein del øvingar på puttinggreenen før me gjekk to hol scramble på bana i 4 lag. Etterpå kosa me oss med kake og frukt!
Laurdag var det turnering, denne gongen ein test av uttaksturneringa til lag-NM, berre i miniformat. I staden for 2x18 hol som i uttaksturneringa og lag-NM, spelte dei 2x9 hol i same format. Første 9 hol var foursome (annakvart slag på same ball), og dei neste 9 var fourball (begge spelar vanleg, men berre den beste scoren tel). Ei veldig kjekk speleform, men det kunne fint vore fleire med. Det var premiering i både nettoscore og bruttoscore, så dette er for alle, uansett nivå Det var mykje godt spel frå dei 7 laga som deltok. Beste bruttoscore gjekk til Jan Aas og Øyvind Fykse på par. Dei hadde ein veldig god foursome-runde på berre 35 slag. Beste nettoscore gjekk til Frode Helland og Even Flotve, som gjekk ein utruleg sterk fourball-runde. I tillegg til dette var det også ein hole-in-one denne runden. Torben Carlsen sette ballen rett i holet på hol 13, rett etter at lagkameraten Kato Vangen gjorde ein eagle på hol 12! Utruleg gøy!
På søndag var det igjen tid for Hytorc Junior Tour, denne gongen på Jæren GK. Stord stilte med heile 8 spelarar denne runden, og dei gjorde ein strålande innsats alle saman. Sjølv om ikkje alle får synlege plasseringar, markerer me oss godt på resultatlistene. Prestasjonane blir betre og betre for kvar gong, noko som er utruleg kjekt å sjå. Me fekk til og med med oss ein førsteplass heim. Sindre Trovåg tok seieren i nettoscore i klasse gutar 13-15 år. I bruttoscore i same klasse tok Stord 6, 7 og 8. plass! Henrik Bukkøy sikra 6. plassen, Sindre Trovåg 7. plassen, og Jackob Østensen 8. plassen. Det skal dei vere skikkeleg stolte av. Godt jobba!
Lars Tufteland Horde deltok i si aller første juniorturnering og gjorde det bra! I same klasse, utan offisiell plassering, spelte Emre Henriksen og Robin Skimmeland, som begge har god grunn til å vere fornøgde med innsatsen. Matilde Notland hadde eigentleg ikkje plassering, men me må nesten nemne at ho vann suverent både med og utan HCP Lowe Henriksen deltok i sin andre runde av Hytorc Tour og var strålande fornøgd
Det var nydeleg vêr og fine forhold, noko som gjorde det ekstra spennande å prøve ei ny bane. No gledar me oss til Hytorc Tour kjem litt nærare oss, dei neste rundane er på Nordvegen og Haugalandet GK i juni







Comments