top of page
Search

Liv Berit

  • Mar 30, 2024
  • 1 min read

Fredag 29.3.24 fekk me det triste budskapet om at Liv Berit var sovna inn etter ei tids sjukdom. Dermed er ei av Stord Golfklubb sine stabile damegolfere borte.

Liv Berit var ein bauta innan damegolfen i Stord Golfklubb. Med sin gode væremåte og behagelige vesen er me mange som vil sakna ho på golfbanen.

I turneringer var me heldige dersom me vart oppsett i same flight som Liv Berit. Ho gav oss oppmerksomhet, ho kunne reglane, ho var hjelpsom, og me følte oss trygge i hennar nærver. Ho var rettferdig ovenfor seg sjøl og oss andre. Og golfetikette stod høgt i kurs hos ho. Sjøl om ho ofte var på førsteplass i konkurranser, unte ho alle andre å vinna.

Utifrå Liv Berit sine grunnleggjande verdier gav ho uttrykk for at ho ønska eit stabilt, støttende felleskap der alle er like mykje verd. Dette sa ho gjennom sitt lune, stillferdige, men likevel, klare utrykk, i sosiale samlinger.

Me er mange som vil sakna Liv Berit på golfbanen.

La oss slå mange gode slag for Liv Berit.

Me sender varme tankar og medkjendsle til dei nærmaste, og

Me lyser fred over Liv Berit sitt minne.

Bodhild Sætrevik


 
 
 

Recent Posts

See All
Årsmelding og årsmøte

Minnar om årsmøte torsdag 19.02.2026 kl. 19.00  i lokala til Stord Golfpark (tidlegare minigolfen). Vedlagt finn de saksliste og årsmelding for 2025. Øvrige dokument ligg tilgjengeleg i fysisk format

 
 
 

Comments


bottom of page