top of page
Search

Lag NM Uttaksturnering 🇧🇻

På Lørdag var det Lag-NM uttaksturnering 🌞 16 deltagere og 8 lag stilte til start. Speleforma var lik som i lag NM. Først 18 hol foursome, etter denne runden var det ein liten pause med litt mat. 🌭 Før det var tid for nye 18 hol, denne gang med fourball.


Vêret var jo heilt fantastisk! Litt vel varmt, men ingen som klaga. 😎🌞 Det vart ein sikkelig fin turnering. Men det var god plass til fleire. Nokon syntes det var mykje å gå 2×18 hol. Nokon synes det var akkurat passe. Men eg trur alle hadde ein fin dag på bana. ⛳️

Den beste bruttoscoren og den beste nettoscoren vart premiert med pizzagavekort og gavekort I shoppen. I tilleg var det closest to pin på hol 2/11 og 6/15

Etter 36 hol skulle altså vinneren kårast. Men då stod det heilt likt mellom Jan Aas/Øyvind Fykse Lie og Bjørn Eldøy/Eivind Lunde ( + 13 slag) og dei måtte ta fatt på nok eit hol for omspel. Etter eit nydelig utslag av Øyvind Fykse Lie, som landa midt på greenen fekk han Birdie. Og med det vant Øyvind og Jan omspelet med 1 slag. 👏👏⛳️

2 plassen gikk då til Eivind og Bjørn og 3 plassen gikk til Ben Ståle Henriksen og Martin Dahl Olsen mex +16 slag. 👏👏👏

I Nettoklassen var det far og sønn Lars Eide og Lars Erik Eide som tok seieren. Med heile -8 slag. 👏👏👏 2 plass gikk til Bjørn Eldøy og Eivind Lunde med -3 slag og Asbjørn Tverdal og Aksel Sæther vart nr. 3 også med - 3 slag👏👏

Closest to pin hol 2 gikk til Bjørn Eldøy og hol 6 gikk til Øyvind Fykse Lie.

Gratulerer til alle sammen!

Sidan vinnerlaget spelar for Haugaland Golfklubb, blir NM laget 2 og 3 plass Bruttoklassen , Bjørn Eldøy, Eivind Lunde, Ben Ståle Henriksen og Martin Dahl Olsen. Om nokon av desse ikkje kan delta, går tilbudet til neste par på lista.


Recent Posts

See All

Årsmøte Torsdag 15.02.2024, kl.19.00

Minnar om årsmøte i minigolfen på torsdag 15.02.2024 kl.19.00. Sjå vedlegg med saksliste og årsmelding for 2023. Resten av dokumenta ligg i fysisk format i proshop/klubbhus. Velkommen til møte, håpar

bottom of page