Search

Ladies Open 2021

30 blide og kjekke damer stilte til Ladies Open i går, torsdag 3. juni. Fantastisk kjekt var det at så mange nye ville vera i lag med oss denne gongen. Me hadde Texas Scramble der heile flighten (4) var eit team. Etter spelet var det pizza, kake og eit lystig og trivleg lag på terassen. Vêrgudane var på lag med oss denne gong også. Me er ein flott gjeng med damer, og håpar fleire heng seg på i eit lag som stadig vert større. Vinnarane på turneringa var; 1. plass Gudny, Tove, Bente og Liv Berit 3.plass Vivian, Kathrin, Torill og Iris 2. plass Trine, Ingunn, Khanita og Sofie