På Søndag var det Lag-NM kvalifisering
Det var totalt 16 spelera med på turneringa. Den vart spela i samme speleform som ein spelar i lag NM. Først 18 hol foursome og derretter 18 hol fourball.
Det var tøffe forhold stort sett heile dagen. Dei første 18 hola gikk greit utan for mykje vatten, men ein del vind. Men under dei siste 18 hola opna slusene seg for fult og det var ordentlig vått og kaldt
Men alle 16 spelera holdt ut, og gjennomførte alle 36 hol. Noko som er imponerende i seg sjølv. Og eg er ekstra imponert av juniorane som holdt motet oppe heile runden. Emre på 9 år hadde bestemt seg for å gjennomføre, og det gjorde han! 36 hol og for første gang i livet, frå gul tee
Etter 18 hol var det ein kort pause med litt betasuppe og brød, før spelerane gikk ut på nye 18 hol. Då gjekk dei ut etter førebels resultat, der dei beste gjekk sist ut. Den siste fligten og lederfligten var Øyvind Fykse Lie og Jan Aas mot Martin Dahl Olsen og Henrik Bukkøy. Her var det sinsykt spennande heile vegen inn, der Martin og Henrik vart vinnerne til slutt. Med eit slag føre Jan og Øyvind
Sidan Øyvind Fykse Lie representerer Haugalandet ,går NM plassen til laget bak. På 3 plass, to slag bak 2 plassen kom Kato Vangen og Torben Carlsen
Laget som då skal representere Stord GK i lag NM på Nordvegen i Juli bestående av : Henrik Bukkøy, (13 år) Martin Dahl Olsen , Kato Vangen og Torben Dean Carlsen Masse lykke til!!!
Me kåra også vinnar av netto klassen, det vart Simon og Stian Hatlevik som tok seieren her :)
Comments