top of page
Search

Klubbmesterskap 2023!

Ei strålande golfhelg er forbi. Og me sitt igjen med 4 nye Klubbmestere!! Det vart ei fantastisk helg frå start til slutt. Takk til ALLE som deltok og som var med på å gjøre dette til ei minneverdig helg!


Det vart rekordstor deltagelse på eit klubbmesterskap Takk til alle som bidrog til å gjere banen i topp stand på førehand.Takk til Martin Dahl Olsen som var enorm stor hjelp som marshall/forecaddie/fotograf/motivator. Pga. ryggproblemer kunne han dessverre ikkje stille sjølv. Takk til Trygve Barfot og Solveig Lie som heilt uoppfordret stilte med kake Og takk til Asbjørn Tverdal som ordner og steller kvar turnering Vêret var perfekt heile helga, ikkje for varmt ikkje for kaldt og ikkje for vått! Eg trur me hadde ei lett bye på Lørdagen resten opplett, varm og fint Det som var ekstra kjekt denne gang var at så mange vart igjen etter dei var ferdig og heia på dei siste som kom i mål. Ekstra stas å kåre klubbmestere med så masse fint publikum

Klubbmesterskap resultat :


Klubbmester Herre: Øyvind Fykse Lie 2.plass : Ben Ståle Henriksen 3 plass: Sondre Selle og Sigurd Litlabø


Klubbmester Dame : Khanitha Hartvigsen 2 plass: Solveig Lie og Mari Hatlevik


Klubbmester Senior: Arnold Karlsen 2.plass Geir Ove Rydingen og Eivind Lunde


Klubbmester Junior: Henrik Bukkøy 2.plass : Jacob Østensen 3.plass: Emil Lien Rykkje













Gratulerer alle sammen!

I tillegg hadde me closest to pin og longes drive på Søndagen. Her var det Eirik Matre som tok closest to pin på under 1 meter. Og på longest drive vart det heilt likt mellom Øyvind Fykse Lie ,fra gul tee og Henrik Bukkøy frå rød tee. Så her vart det 2 vinnere.

Comentarios


bottom of page