Klubbmeisterskap 2025
- Lena Hartvigsen
- Aug 28
- 1 min read

For ei helg me har hatt på Stord Golfklubb!
Klubbmeisterskapet 2025 vart ein skikkeleg folkefest, med strålande sol, perfekte speleforhold og ei fantastisk stemning. Heile 48 spelera stilte til start!
Den store snakkisen vart likevel Sindre Trovåg (berre 15 år) som leverte ein prestasjon av dei heilt sjeldne. Etter ein solid runde på laurdag på 75 slag, følgde han opp med ein kanonrunde søndag, berre eitt slag frå å tangere banerekorden, og det på tøffe flaggplasseringar!! Etter 8 birdier og 1 eagle gikk han i mål på 65 slag!!!. Han vart dermed klubbmester både i herreklassen og juniorklassen, og me kan trygt seie at dette er eit namn å følgje med på i framtida.
I Dameklassen var det igjen Khanita Hartvigsen som kapra pokalen og vert klubbmester for fjerde året på rad!! Gratulera så mykje Khanitha!
Resten av feltet leverte og mange sterke resultat, og det er tydeleg at golfmiljøet på Stord blomstrar som aldri før.
Resultat frå dei ulike klassane:
HERRE:
1 plass : SindreTrovåg +4
2 plass: Kato Vangen +11
3 plass: Andreas Salomonsen +14
DAMER:
1 plass: Khanitha Hartvigsen +45
2 plass: Vivian Tisthamar +49
3 plass: Vibeke Alvsvåg +61
Senior:
1 plass Bjørn Eldøy +17
2 plass Eivind Lunde +21
3 plass Jan Aas + 23
Junior :
1 plass Sindre Trovåg +4
2 plass Jacob Østensen +18
3 plass Emil Lien Rykkje + 37
Stabelford:
1plass : Kristian Aas, 84 p
2 plass: Olav Hellesund 82 p
3 plass: Sindre Trovåg 76 p
Gratulerer til alle vinnarane, og spesielt vår nye dobbeltmeister Sindre Trovåg


















Comments