Klubben vår i vekst , og no får me god hjelp til å løfte nivået!
- Jul 21, 2025
- 1 min read
Stord Golfklubb har hatt ei fantastisk utvikling dei siste åra, og me har no passert heile 720 medlemmar!
Med så mange aktive spelarar, både blant juniorar og vaksne – er det ekstra kjekt at me kan dele ei god nyheit: Me har fått Lucas Krüger inn som medlem!
Lucas har både kompetansen og erfaringa til å hjelpe andre å ta spelet sitt til neste nivå, og han ønskjer no å tilby protimar til medlemmene våre. Dette gir eit unikt tilbod for alle som vil utvikle seg vidare, enten du er heilt fersk eller har spelt i mange år.

I tillegg til å tilby protimar vil Lucas også bidra i klubben på fleire måtar:
- Delta på junior/elitetreningar
- Støtte og rettleie trenarane våre
- Representere klubben i nasjonale turneringar
- Være eit fagleg og sportsleg løft for miljøet vårt
Og det beste av alt: Ikkje berre er han vanvitig dyktig han er også ein skikkeleg kjekk og real kar, som me allereie har fått stor sans for her i klubben!
SJÅ VEDLEGG med eiga presentasjon frå Lucas der du kan lese meir , og ta gjerne kontakt med han om du er interessert i ei protime. Han er klar.
Tlf Lucas Krüger Lund-Larsen : +4530803009
Han svarer også på messenger og mail lucaskryger2210@hotmail.com
Velkommen til Stord GK, Lucas, me gleda oss til fortsettinga!




Comments