For ei veke! Turneringar, stjernetreff, Hole in one og Ryder Cup
- Lena Hartvigsen
- Jun 23
- 3 min read
Det har verkeleg kokt av aktivitet på Stord Golfklubb den siste veka – og det likar me! Tre turneringar , to hole in one, stjernebesøk, bedriftsarrangement, juniortrening og til og med ein improvisert Ryder Cup for dei yngste. Her kjem ei oppsummering frå ei veke med golf, glede og stort engasjement på bana.
T-serien runde 10 – regn, sol og gode resultat
Tysdag gjekk den tiande runden i T-serien av stabelen. Heile 43 spelarar stilte til start – dei fleste valde å spele på ettermiddag, noko som viste seg å vere eit lurt trekk. Det bøtta nemleg ned på føremiddagen, men løna kom i form av opplett og flotte forhold utover dagen.
Resultata:
A-klassen🥇 Marin Dahl Olsen, -2 slag
🥈 Jacob Østensen, par
🥉 Gunnar Grov, par
B-klassen
🥇 Even Hartvigsen, 20 poeng
🥈 Trygve Barfot, 20 poeng
🥉 Simon Hatlevik, 20 poeng
Dameklassen
🥇 Solveig Lie, 21 poeng
🥈 Kjellfrid Lie Økland, 21 poeng
🥉 Khanitha Hartvigsen, 17 poeng
West Coast Tour – strålande sol og HOLE IN ONE!
Laurdag stod Parkettgruppen AS West Coast Tour for tur. Og for ein dag det blei! Sol frå blå himmel, perfekte forhold og 34 deltakarar på startstreken. Etter runden vart det servert grillpølser og muffins, og stemninga var på topp.
A-klassen (brutto)
🥇 Øyvind Fykse Lie (Haugaland GK), +3 slag
🥈 Jacob Østensen (Stord GK), +5 slag
🥉 Svein Terje Eide (Haugaland GK), +7 slag
B-klassen (netto)
🥇 Arild Valentinsen (Karmøy GK), -3 slag
🥈 Geir Idar Nonslid (Haugaland GK), +2 slag
🥉 Eivind Lunde (Stord GK), +4 slag
C-klassen
🥇 Trygve Barfot (Stord GK), 39 poeng
🥈 Johnny Tang Christiansen (Stord GK), 31 poeng
🥉 Johnny Bjørnsrud (Stord GK), 31 poeng
Closest to pin hol 6/15:🎯 HOLE IN ONE! Gratulerer til Erik Husebø frå Sauda GK – for årets 9. HIO på Stord!
Og berre timar seinare satte Håvard Meland HOLE IN ONE på hol 2, og årets 10 ande HIO på bana vår!!!
Lag-NM Uttak – 36 hol, 8 timar
Søndagen gjekk 36 hol med NM-uttak for herrelaget. Først 18 hol foursome, så 18 hol fourball. Vêrmeldinga var dyster, men som så mange gongar før, letta skyene – og det vart ein nydeleg speledag.
Topp 3 lag (brutto):
🥇 Ben Ståle Henriksen & Emre Henriksen, +6
🥈 Sindre Bjørk & Robert Brandvik, +12
🥉 Martin Dahl Olsen & Sindre Trovåg, +13
Men sidan Emre er for ung til å delta i Lag-NM, går plassane vidare til:Sindre Bjørk, Robert Brandvik, Martin Dahl Olsen og Sindre Trovåg som skal representere klubben på Sandnes GK i juli 💪
Netto-vinnarar:🏆 Jan og Simon Aas – berre eitt slag unna NM, men med seier i nettoklassen!
Ryder Cup
Etter West Coast på laurdag tok ein gjeng unge, ivrige spelarar initiativ til sin eigen Ryder Cup – og for eit opplegg det vart! Med eigendesigna t-skjorter møttest Lag sør’om Bekkjen og Lag nord’om Bekkjen til 2 x 9 hol matchplay.
Det var det blå laget (sør’om Bekkjen) som gjekk av med seieren – og rykta seier at festen heldt fram etterpå 😉 Eit fantastisk initiativ som viser kor mykje engasjement og kreativitet det er blant dei unge i klubben. Inspirerande!
Søndagen blei som vanleg avslutta med juniortrening – eit fast og populært innslag kvar helg denne sesongen. Og no gler me oss til måndag, for då startar årets sommarskule! Over 20 barn er klare for ei lærerik, aktiv og sosial golfveke – me gler oss!
Comments