top of page
Search

Vil du være med å bidra enda meir?

Stord golfklubb veks og me jobbar stadig med å utvikla eit betre tilbod på alle plan. I den forbindelse ønsker me enda fleire engasjerte i våre ulike komitear. Me har i

dag mange heilt uunnverlege personar i desse komiteane, men det er alltid plass til fleire.

Under kjem ei oversikt over dagens komitéar og kva dei jobbar med. Ser du noko du vil ta del i? ikkje nøl med å ta kontakt!


Kurs og HCP komiteen:

Medlemmer i kurs og HCP komiteen er ansvarlege for organisering og gjennomføring av VTG-opplæring for klubbens nybegynnarar.


Turneringskomité :

Skal planleggja og gjennomføra eit variert turneringstilbod for klubbens medlemmar og andre på Stord golfklubb. Har som mål å arrangere turneringar for spelera på alle nivåer. Skal også bidra til at me oppnår eit godt sportsleg, sosialt og inkluderande miljø.


Dugnad og Banekomité :


Ein komité som fungerer veldig bra i dag. Har gjort fantastisk arbeid saman med frivillige, og holeigarar med å stadig utvikle bana til det betre og å halde bana i god stand. Ansvarleg for organisering og gjennomføring av fellesdugnadar, og å oppretthalde ein aktiv holeigarordning på Stord Golfbane.


Barne og ungdomskomité:

Også ein veldig aktiv komité som jobbar med å skapa eit inkluderande og trygt klubbmiljø , kor alle juniorar uansett kategori og ambisjonsnivå, skal trivast. Ansvarleg for Juniorgruppa sine treningar og aktivitetar.



Damekomité:

Ein viktig komité som har ansvar for å organisere treningar, turneringar og sosiale tiltak for klubbens kvinnelege medlemmar. Ivareta og inkludere nye medlemmer i damegruppa uansett forutsetningar og spelnivå. Skape glede, trivsel og meistring.



Ett slag av gangen

Dette er ingen komité, men eit samarbeid Stord golfklubb har inngått med Foreningen

(ESAG). Foreningen ESAG bruker golfbanen som meistringsarena overfor

menneske med rusavhengighet, psykisk sjuke, unge lovbrytarar, domfelte og løyslatte. Saman med ESAG skapar me eit lågterskeltilbod og tilretteleg for at golf skal væra for alle. Formålet er å gi målgruppa eit aktivitetstilbod som gir fysisk aktivitet samtidig skapa ein arena for sosial utvikling, mangfald og integrering. Treningstilbodet foregår som gruppetrening i små grupper.



Har du eit ønske om å ta del i noko av dette arbeidet, eller kanskje forslag til ny komité?

Me treng og faddrar til nybegynnarar.

Send ein mail til post@stordgolf.no





bottom of page