top of page
Search

Vegen til golf 2022

  • Feb 23, 2022
  • 1 min read

Kan Golf vera noko for deg? Bli med på kurs!


Vegen til golf (VTG) er eit obligatorisk kurs for alle som vil byrje å spele golf. Kurset består av teori, praksis teknikktrening på dei viktigaste slaga og spel ute på bana. Det er ingen testar eller prøvar som skal gjennomførast, kun ei hyggjeleg innføring i golf i lag med kyndige instruktørar. Gjennomført kurs gjev deg moglegheita til å spele på bana på eigenhand etter kurset.


Kurset varer i 12 timar og det vil som regel bli brukt fire kveldar i løpet av to veker til gjennomføring av kurset. På våre kurs får du låne utstyr gratis av golfklubben

Planlagde kurs for 2022:

  • Kurs 1 : 4,6,7 og 11 April

  • Kurs 2: 2,4,5 og 9 Mai

  • Kurs 3: 13,15,16 og 20 Juni

  • Kurs 4: 8,10,11 og 15 August

Pris for kurs er 990,-

Tilbod til nye medlemar! Vegen til golf-kurs og medlemskap med full spelerett ut 2022 for 2500,-


Meld deg på her :

Eller ring Lena på 92202592


Me ynskjer alle velkommen til eit hyggeleg kurs, og som medlem i Stord Golfklubb!


 
 
 

Recent Posts

See All
Årsmelding og årsmøte

Minnar om årsmøte torsdag 19.02.2026 kl. 19.00  i lokala til Stord Golfpark (tidlegare minigolfen). Vedlagt finn de saksliste og årsmelding for 2025. Øvrige dokument ligg tilgjengeleg i fysisk format

 
 
 

Comments


bottom of page