top of page
Search

T-serie 5 - 18.Mai

64 startande og 4 klasser i dag også. Fantastisk vêr , (÷ den kalde vinden ) I dag var det ingen som klarte å hanskes med gjengen som gjekk i formiddag. Sjølv om eg trur vind og forhold faktisk var bedre i kveld.

Igjen var det Helge Lindeflaten på topp! Ein kanon runde, som enda på -4 . Han hadde ein svært god dag med putteren, og vart suveren vinnar av A-klassen. Sondre Aas Selle gikk inn som nr. 2 med -1.

B-klassen tok Frode Helland i dag. Han og gikk ein god runde og fekk 22 poeng. Øystein Rykkje kom inn på 2.plass med også 22 poeng. Men Frode vann pga. lavere Hcp.

C-klassen vart og vunne i formiddag , her var det og svært jamt. Alle hadde ein god runde her, og alle sprakk på siste holet, Gustav Førland vann med 18 poeng, føre Bjørn Lekven som og hadde 18 poeng. Også her var det avgjort av Hcp.

I Dame klassen var det mange som hadde ein god dag i dag. Men det vart umulig å slå Khanitha Hartvigsen i dag Ho hadde ein heilt vanvittig runde , med 27 poeng. 6 poeng bedre enn Kari Sæbø på andre plass, som og spelte veldig godt idag.

Closest to pin på hol 6. gikk i dag til Fredrik Gundersen , 2,5 meter

Alt i alt , ein veldig god dag for veldig mange. Heile 20 spelera spelte på Hcp eller bedre. Gratulera til alle vinnerne og takk til alle som deltok



bottom of page