top of page
Search

T-Serie #12

  • Aug 4, 2021
  • 1 min read

Då var me endeleg i gang med Tirsdags serien igjen. Trur det er nokon som framleis er på ferie, men deltakar talet var mykje betre en førre tysdag. Det var 43 spelarar med denne gang.

I Klasse A var det Odd Mirko Majic som vant pizzaen. Han stakk av gårde så snart, eg rakk ikkje ta bilete av han denne gong. Han hadde -1 slag. På 2 plass med par kom Even Flotve Og 3 plass gjekk til Bjørn Eldøy med +1.

I klasse B vart det sjølvsagt Halvor Grov på topp med heile 22 poeng. Og nett som sist tysdag kom Jan Olav Stavland rett bak han. Med 21 poeng på 3 plass kom Christian Kvalheim med 18 poeng.

I klasse C vart det svært jamn kamp mellom Simon Hatlevik og Bjørn Lekven, begge med flotte 22 poeng Men det var Bjørn som tok første plassen på Hcp. På 3 plass kom Trygve Barfot med 19 poeng

I Dame klassen var det og veldig jamt. Men 1 plassen og Pizzaen gjekk til Mari Hatlevik i dag. Ho hadde 18 poeng, rett bak ho med 17 poeng kom Khanitha Hartvigsen, og rett etter med 16 poeng kom Liv Berit Økland.

Closest to pin tok Per Inge Sætervik med 1,8 Meter.

Gratulera til alle vinnarane og takk til alle som deltok.



 
 
 

Recent Posts

See All
Årsmelding og årsmøte

Minnar om årsmøte torsdag 19.02.2026 kl. 19.00  i lokala til Stord Golfpark (tidlegare minigolfen). Vedlagt finn de saksliste og årsmelding for 2025. Øvrige dokument ligg tilgjengeleg i fysisk format

 
 
 

Comments


bottom of page