Search

Parkettgruppen AS West Coast #3

Med nydelig vêr, flott bane, Asbjørn sine fantastiske lapper, bra folk og masse godt spel vart Parkettgruppen As West Coast Tour runde nr 3 på Stord Golfklubb veldig vellukka!

I klasse A scratch (uten hcp) kunne det ikkje gått mykje betre for vår kjære greenkeeper Ben Ståle Henriksen denne runden. Med birdie på hol 18 hol tok han att Svein Terje Eide og begge hadde 71 slag. Då vart det omspel mellom dei to. Og då tok han lika så godt å slo til med ein Eagle og dermed vant han foran Svein Terje Eide som vart nr 2. På 3 plass kom Øyvind Fykse Lie med 72 slag, berre 1 slag meir. Svein Terje Eide gjorde eit stort rykk på sammenlagt lista etter denne runden.


I Klasse B (slag med hcp) vart det også likt på toppen, 2 Stord spelerar med begge 68 slag her er det hcp som avgjorde og Martin Dahl Olsen vart vinnar, med samme score kom Ketil Fykse på 2 plass og på 3 plass frå Haugaland Golfklubb kom Geir Idar Nonslid med 70 slag. Samme plassering som dei no ligg på sammenlagt også.


I C klassen var det Haugaland Golfklubb som briljerte heile toppen på 1 plass med heile 42 poeng kom Johannes Markhus, 2 plass med 40 poeng kom Bjørn Wannberg og 3 plassen gikk til Arve Fludal med 39 poeng sterkt spel på bortebane!

Me hadde 2 closest to pin, på hol nr 2 vart det nok ein seier for Ben Ståle Henriksen som var nærmest med 1,64 m På hol nr 6 var det Vidar Valdersnes som tok seieren.

Longes drive på hol 12, var det Øyvind Fykse Lie som stakk av med.

Etter runden vart det servert grillpølser , lapper ,kake og kaffi. Takk til alle som hjalp til her!

Tusen takk til alle som deltok og gjorde det til ein super flott dag.