Det vart, som frykta, eit fuktig klubbmeisterskap i år. Sjølv om lørdagen overraska med betre vêr enn venta, vart søndagen prega av vått og grått vêr. Meisterskapet gjekk likevel som planlagt, men den våte bana ga utfordrande forhold for dei 28 deltakarane som stilte til start. Stemninga ved målgang vart òg noko annleis med temperaturar nede i 12 grader og regnbyer, samanlikna med i fjor då sola skein gjennom heile meisterskapet.
Det var færre som venta ved hol 18 for å ta imot dei nybakte klubbmeistrane i år, men meistrane vart kåra, og både dame-, junior- og herreklassen haldt på titlane sine frå i fjor. I herreklassen og seniorklassen var det spenning heilt til siste hol.
Årets klubbmeister i herreklassen vart Øyvind Fykse Lie, og Khanitha Hartvigsen tok tittelen i dameklassen.
Her er resultata frå årets klubbmeisterskap:
Klubbmeister Herre: Øyvind Fykse Lie 🏆
2. plass: Kenneth Tråvåg
3. plass: Martin Dahl Olsen
Klubbmeister Dame: Khanitha Hartvigsen 🏆
2. plass: Berit Grov
Klubbmeister Senior: Rune Vinsjevik 🏆
2. plass: Arnold Karlsen
3. plass: Jan Aas
Klubbmeister Junior: Henrik Bukkøy 🏆
2. plass: Jacob Østensen
3. plass: Emil Lien Rykkje
Klubbmeister Senior + : Gunnar Grov 🏆
2.plass: Per Inge Sætrevik
3.plass: Even Hartvigsen
I Stabelford klassen var det Thomas Folgerø Sætrevik som stakk av med seieren 🏆
Closest to pin på hol 6/15 gikk igjen til Sondre Aas Selle ⛳
Takk til alle som deltok, trass vêr og vind og gratulerer til alle vinnarane!
Comentários