top of page
Search

Hytorc Junior Tour Sola GK Forus

På søndag, var det ikkje berre turnering her på Stord. Seks juniorar frå klubben reiste til Sola GK for å konkurrere i årets nest siste Hytorc Junior Tour. Denne bana er vanlegvis populær blant juniorane, og dei hadde ein strålande dag med flott vêr og gode speleforhold. Berre Henrik Bukkøy og Sindre Trovåg deltok i klasser med opne resultat, og dei presterte veldig bra! Henrik sikra seg 3. plassen i brutto-klassen 13-15 år og Sindre tok 10 plass.


Sjølv om dei andre deltakarane, Live og Benjamin Haugland Drønen, Emre Henriksen og Robin Skimmeland, ikkje hadde opne resultat, spelte alle ein solid runde. Alle var svært fornøgde med dagen. Dei reiste heim med nye venskap, gode erfaringar, og nokre fekk til og med med seg pokalar!


Siste runde av Hytorc Junior Tour går om to veker på Sandnes GK, og det er noko alle gler seg til.  Då skal mange pokalar delast ut for antal deltakingar gjennom sesongen!



Comentarios


bottom of page