Nattcupen vart også i år ein suksess. Det var nydelig haust vêr, tørt, mildt , stille og mørkt. Maten smakte godt og stemningen vart tipp topp fra start til slutt. Det vart utdelt masse premier! Som blant anna T-serien sammenlagt vart premiert med flotte summar også i år! I tillegg fekk alle klassevinnerane flotte vaser.
Vinnerne av Nattcupen vart Morten og Jenny Danmo sammen med Peder og Britt Toft. Dei hadde heile 27 poeng etter 9 hol i mørke. På andre plass kom Bjørn Eldøy, Vidar Valdersnes, Kenneth Trovåg og Øyvind Fykse Lie med 25 poeng. Og 3 plassen gikk til Ole Erik og Kjetil Eriksen samnen med Even og Khanitha Hartvigsen som også fekk 25 poeng. 1 plassen vart premiert med gavekort og 2 og 3 plassen fekk nydelig honning av vår kjekke sponsor Stavland.
Halvor Grov klinka til med ein Eagle på hol 8 i mørket, der han spelte på eigen ball på begge slaga. Det måtte gis litt ekstra premiering for ein så flott presentasjon
Etterpå vart det ikkje premiebord som før, men loddtrekning av tilsammen 15 flotte premier, der alle hadde mulighet for å vinne. Det var blant anna bøker, trådløse ørepropper, golfballer, knivsett, og 2 flotte gavekort på 500,- stk frå Bohus Nordås /Stord!
Og T-serie vinnerne vart premiert med flotte gavekort i proshop. Her er det ein del som ikkje var tilstede på festen, dei kan hente gavekorta når det passar.
I Dameklassen var det Khanitha Hartvigsen som vart serievinnar også i år. Solveig Lie og Kari Sæbø fekk delt 2 plass. Alle fekk gavekort.
I klasse B var det Bjørn Lekven som tok vasen og 1.plassen På 2 plass kom Trygve Barfot sjølv med ganske få runder i år. På 3 plass var det heile 3 stk som delte. Det var jan Olav Stavland, Alf Magnar Geitle og Bjørn Valvatne. Alle premiert med gavekort.
I klasse A vant Andreas Salomonsen første plass. Etterfølgt av Kåre Løkhammer og Bjørn Eldøy på delt 2.plass. Rune Vinsjevik på 4 plass og Stian Hatlevik på 5 plass. Alle får gåvekort.
Tusen takk for ein fantastisk morsom kveld. Og ein fantastisk sesong. Håpar vêret gjer det mulig med nokon hausttourer før vinteren kjem
Opmerkingen