Search

Trener 1 samling på Bjørnefjorden GK

Då har me lagt bak oss ei travel og lærerik golfhelg. Den starta onsdagskveld med eit førebuande Webinar, før me møttest på Bjørnefjorden fredag 13:00 og heldt på til søndagskveld. Benny, Annette og Sondre pendla medan Martin hadde fått kost og losji hjå bror sin. Helga vart leia av Svein Erik(Svenna) Hansen og Iver Ødegård frå Norges golfforbund.

2 dyktige trenarar med mykje god golferfaring, både med barn og vaksne.

Totalt var me rundt 25 deltakarar frå Stord, Sotra, Bjørnefjorden, Voss og Bergen GK, og me har fått mange nye golfvener. Det var tettpakka program med teori og mykje praksis på det flotte treningsområdet til Bjørnefjorden, strålande sol heile helga med litt vind innimellom.

Me har øvd oss på å jobbe med barn, ungdom og vaksne. Og hatt mange gode diskusjonar rundt det å vera ein god trenar(ikkje enkelt å bli einige med desse bergensarane alltid)

Gjennom sesongen skal me planlegge og gjennomføre treningsøkter med våre grupper i klubben, før me igjen skal samlast på Bjørnefjorden ei helg i September.

No skal me klare å ta imot dei som ynskjer å oppleve og starte med golf, på ein god og enkel måte. Samtidig som me skal iverta dei etablerte golferane i klubben som ynskjer å bli betre. Me vil takke Bjørnefjorden for godt vertskap gjennom helga, og for at dei opna grastee slik at me fekk avslutta med ein fin golfrunde søndagskveld.

Benny, Annette, Martin og Sondre