Search

T-serie 16 vel blåst

Og 34 spelera møtte denne gang. Mulig nokon vart skremt av vêret på Mandag. Men det vart ikkje så verst golfvêr i dag. Gjengen på formiddagen hadde det litt våtere enn det vart på ettermiddagen ,som vart skikkelig flott.

Det vart 3 klassar og 3 pizzaer som vart delt ut i dag. I Klasse A var det Kato Vangen hadde ein formidabel runde. Og sjølv om det tulla seg litt på eit hol, kom han inn på heile -4 slag. Og kan kose seg med pizza denne veka.

Etter han på 2 plass, kom Paal Haynes på par, og på 3 plass kom Vidar Valdersnes.

I klasse B var det Alf Magnar Geitle som var suveren. Han hadde heile 24 poeng og tar med seg ein vel fortjent pizza heim. På 2 plass kom Even Hartvigsen med 20 poeng og 3 plassen gikk til Einar Rykkje med 19 poeng.

I Dameklassen vart det nok ein gang Khanitha Hartvigsen som tok pizzaen noko ungene mine sett pris på... Men det var svært jevnt her, heile 3 damer hadde samme score i topp. 18 poeng til både Khanitha , Kari Sæbø og Kjellfrid Lie Økland så her var det hcp som avgjorde.

Closest to pin gikk til Per Olav Lillebø, med 3,21 meter.



Til slutt ein liten bønn fra Greenkeeperen og egentlig alle klubbmedlemmer. Vær så snill å reparer nedslagsmerker etter dåke og rydd/rak i bunker etter dåke. I dag var det VELDIG mange sår på greenene og urydda bunkere. Det er veldig kjedelig å havne i bunker, men iallefall pyton å havne i ei grop i bunker... Eg veit det berre er ein forglemmelse når det ikkje er reparert. Så derfor gir eg ein påminnelse Takk

Recent Posts

See All

No er det kaldare om nettene, og greenane fryser lett. Det er viktig at du aldri går utpå greenen om det er frost i den! Me har ein heilårs bane stort sett, men det innebærer at alle respekterer banen