top of page
Search

Minne ord Inge Moe

Laurdag 2. Desember fekk me det triste bodskapet om at Inge Moe var gått bort 82 år gamal. Våre tankar og medkjensle går til Kristi og familien.

Med Inge sin bortgang har me mista ein av pionerane og pådrivarane for golf og golfbane på Stord. Han var med og starta Stord Golfklubb i februar 1992 og var med i det første styr et. Inge var ein av dei første i Stord Golf Klubb til å ta NGF sine kurs for Grønt kort opplæring og dommar kurs. Det er mange som fekk si grunnleggande opplæring i golfreglar og praktisk golf av han på slutten av 90-talet og inn på 2000-talet.

I perioden 1998 – 2002 var Inge nestleiar i Stord Golfklubb. Dette var perioden då den store kampen for å få etablera permanent golfbane i Prestagarden. Med sin politiske bakgrunn var han til stor nytte i forhandlingane med kommunen og Fylkeslandbruksstyret om å få godkjent løyve til dette.

I perioden 1995 – 2015 var han ein fast deltakar i Stord Master Golfers, SMG, sine årlege turar til Scotland og England for fem dagar med hektisk golfspel og gode diskusjonar.

Inge var oppteken av å dokumentera viktige hendingar i Stord Golfklubb, særleg hendingar knytt til prosessar som kravde både tid og energi. Han var pådrivar for klubbaviser med titlar som GolfNytt eller Stord GolfNytt. Det siste store arbeidet han gjorde i den samanheng var boka «Stord Golfklubb 1992 – 2020 – Historisk Slagmark i spøk og alvor», der historia til Stord Golfklubb så langt er summert opp.

I tillegg til alt dette var Inge i ein lang periode ein av dei beste golfspelarane på Stord og mannen «alle» hadde som mål å slå!

Me lyser fred over Inge sitt minne.


Comentarios


bottom of page