top of page
Search

Juniorsamling og Hytorc Junior Turnering på Stord Golfklubb

I forbindelse med Hytorc turneringa på søndagen inviterte me til juniorsamling med overnatting i minigolfen for juniorar mellom 9 og 12 år, frå laurdag til søndag. Me har sakna eit regionalt tilbod til juniorar opp til 12 år, og dette var bakgrunnen for invitasjonen. Fleire juniorar har allereie knytt gode kontaktar gjennom andre Hytorc-turneringar, og me ønskte å byggje vidare på desse relasjonane. Målet er at fleire unge skulle kunne byggje vennskap på tvers av klubbane i regionen, spesielt sidan miljøet ikkje er så stort.


Sidan dette var første gong me arrangerte ei slik samling, inviterte me berre juniorar frå Fana Golfklubb. Planen er å utvide invitasjonen til fleire klubbar i regionen neste gong. Og eg er overbevist om at det blir ein neste gang. Då samlinga overgjekk alle forventningar, med totalt 12 juniorar som deltok, og 9 som overnatta heile natta i minigolfen.


Laurdagen starta me med ei kort introduksjon, litt frukt og ei treningsøkt på rangen og puttegreenen. Etter treninga vart det ein liten matbit saman og litt sosialt samvær der dei vart litt bedre kjent. Etter dette spelte me 9 hol scramble på bana. Etter at alle var tilbake innandørs, begynte regnet som eigentleg var meldt for heile dagen. Snakk om flaks!  Kvelden vart veldig hyggeleg med pizza, minigolf, biljard og god stemning.  Til slutt sovna alle, og eg er sikker på at mange fekk eit minne for livet. Me hadde uvurderleg hjelp av foreldre frå både frå Stord GK og Fana GK, utan desse hadde ikkje arrangementet vart så vellukka!


Søndagen var det tid for sjølve turneringa. Opprinnelig var det 58 påmelde, men på grunn av litt sjukefråvær stilte 53 juniorar til start, i alderen 6 til 19 år. Stord Golfklubb hadde juniorar med i dei fleste klassane, og me presterte veldig bra! Spesielt i klassen gutar 13-15 år, kor Henrik Bukkøy vann brutto klassen!!!!  og Jacob Østensen tok ein sterk 3. plass. I tillegg vart Jacob vinnar av nettoklassen der Henrik vart nummer 2  Heilt utruleg bra jobba !


Eg ønskjer å rette ein stor takk til greenkeeperen som har jobba døgnet rundt i fleire veker for å gjera bana så bra som mogleg.  I tillegg vil me takka nokre av hol eigarane som har rydda i kantar rundt straffeområdet og planta å luka i beda og rundt klubbhuset. F.eks Ingunn Raunholm som jobba i mange, mange timar i beddet ved garasjen Under sjølve turneringa hadde me heile 4 forcaddiar og ein starter som sto heile dagen. I tillegg hadde me frivillige som bakte kaker, dreiv kiosken, samla ballar og stod for grilling og tok seg av premieutdelinga. På grunn av alle desse fantastiske menneska vart heile turneringa ei utrulig stor suksess. Alle som besøkte oss denne dagen var kjempenøgde og imponerte. Eg er så stolt!!!


Både samlinga og turneringa var ein stor suksess. Det var tydeleg at juniorane sette pris på moglegheita til å trene, konkurrere og knyte band på tvers av klubbane. Me ser fram til å arrangere fleire slike samlingar i framtida og håper å inkludere endå fleire klubbar frå regionen. Takk til alle som deltok og bidrog til å gjere helga minneverdig!



Comments


bottom of page