top of page
Search

Cruiseskip besøk

Mandag 9.juni hadde me storfint og svært triveleg besøk på golfbana vår.  Cruiseskipet som ligg til kai i Leirvik har med seg både turistar og underhaldning, og fire av musikarane om bord valgte å tilbringe landtida si hos oss!


Amerikanarane Justin Hopkins Carl Wockner , Javier Colon og deira kollega Trodd Sky tok turen til Stord Golfklubb for å spela ei runde , og for ein kjekk dag det blei!  Dei var fulle av begeistring og hadde masse fint å seie om bana vår, og meinte den var både utfordrande og morosam å spele. Spesielt imponerte var dei over kvaliteten på fairways og greenar, noko dei meinte låg på svært høgt nivå.


Javier Colon er kjend som vinnar av første sesong av amerikanske The Voice, og Justin Hopkins deltok i sesong 2 av same program  Så dette er kjente og dyktige folk


Desse karane har spelt golf verda rundt, og Justin kunne til og med fortelje at han er nabo med sjølvaste Jon Rahm , og spelar golf med han rett som det er!

Tusen takk for besøket, gutar! Det var ei stor glede å ha dykk innom!

 
 
 

Recent Posts

See All
Samarbeidsklubbar

Sommarferien nærmar seg, og mange av dykk har kanskje planar om å utforska andre golfbanar i sommar. Då vil me gjerne minna om den fine...

 
 
 

Comments


bottom of page