top of page
Search

Blåkraft Open

I strålande sol og nydelig bane forhold vart Blåkraft open ein suksess! Sjølv om det berre vart 3 klassar var det 36 spelande med. Det var shotgun start kl 10.00 og etter litt over 4 timar i steikande varme, vart det premieutdeling på terrassen og servering av deilige lapper av Asbjørn Tverdal. Og like fantastiske som lappekakene var premiane. Eg sa til Ben Ståle Henriksen ,også i år at det er denne turneringen du skal vinne.

Og heldigvis er han lydig, han gjorde det i år igjen. Så no gledar eg meg te ein heil månad med gratis straum.

Benny vant Klasse A med-3 slag, sjølv om han hadde 6 birdier på runden, var det spennende til siste hol. Hakk i hæl kom Sondre Aas Selle (som lenge leda) med -2 slag og fekk 2 plass. Svein Økland også på -2 slag og fekk 3 plass. Flotte premier til dei og.

I dame klassen var det også spennende til siste sekund. Khanitha Hartvigsen klatra på lista dei siste hola, der ho spela utrulig bra. Til slutt klarte ho å ta igjen Liv Berit Økland som leda lenge. Så då gjekk straumen til Khanitha og Liv Berit blei nummer 2, begge med 34 poeng På 3 plass kom Solveig Lie med 31 poeng.

I klasse B var det litt meir overlegen seier til Emil Kaspersen på -1 slag. Også han kan glede seg til ein månad med bekymringsfri straumbruk. På 2 plass kom Viktoren vår, Viktor Emil Hovland. Han har som vane å vinne det han stiller opp på. Han enda på +2. Og 3 plass gikk til veteranen vår Halvor Grov med +3.

Det var også flott premie til Closest to pin på hol 6 og 15 . Vinneren her vart Rune Vinsjevik med 0,74 meter.

Tusen takk til alle som deltok, til Haugaland Kraft AS for flott premiering og til Asbjørn Tverdal som vartar så flott opp.


Minner om klubbmesterskapet i helga. Årets siste store turnering.



コメント


bottom of page